Taxinæringa ynskjer Uber velkomen til Ålesund
– Så lenge det blir gjort i henhald til regelverket.
Frå og med i dag, 18. oktober, blir UberX tilgjengeleg i Ålesund.
Uber har inngått samarbeid med Isdalen Green Transport i Ålesund om å levere tenestene deira.
– Vi har sett stor etterspørsel i Ålesund, og det er ein viktig milepæl for oss å gjere Uber-appen tilgjengeleg i vår sjuande by i Noreg, skriv sjef for Uber i Norden, Peter Löfstrand i ei pressemelding.
Har krav til «nykomlingen»
John Breivik er dagleg leiar i Ålesund Taxi. Han har ikkje noko i mot at Uber kjem til byen.
– Men det forutsett at konkurrenten opererar med like vilkår som andre aktørar.
Han seier dei må bruke taksameter, opplyse til tredjepart i skattemyndigheitene, samt ein del andre forhold.
– Elles er konkurranse alltid bra for ein marknad. Vi ser det skjerpar og forbetrar oss. Det fører til positiv utvikling.
Glade for å etablere seg
Dagleg leiar i Isdalen Green Transport, Ross Kobbeltvedt, er glade for at Uber gjer appen sin tilgjengelig i Ålesund.
– Vi ser stort potensiale i byen og ser fram til å vekse her saman med fleire sjåførar i vekene og månadane som kjem.
At bilane ikkje er utstyrt med taksameter er noko Uber har blitt kritisert for.
Til Nytt i Uka svarte Kobbeltvedt på denne kritikken.
– Alle bilane våre har taksameter. Det må dei ha for å oppfylle krava til taxiløyve.
Driftsleiar i Norgestaxi Ålesund, Kenneth Remme, har ingen kommentar til etableringa av Uber i Ålesund.
Publisert: 18.10.2023 11:26
Sist oppdatert: 18.10.2023 11:57