Engeset Trehytte foto Engeset Trehytte Olav Aabrekk
UTSIKT: Utsikta er eit viktig trekkplaster for trehyttene på Sandane. Foto: Olav Aabrekk Engeset Trehytter
Nytt

Trehytte gir utbytte

Hyttebygging i tretoppane blei god butikk for Olav Aabrekk, Jan Roger Engeset og Preben Moen på Sandane.

27.04.2022

I lia nord for Sandane sentrum har Engeset Trehytter to hytter i tretoppane, ei toetasjer familiehytte og ei for to, til pluss/minus 3000 kroner natta i toppsesongen.

Selskapet hadde sitt første driftsår i 2018 og har gått i pluss kvart år, med solid resultatmargin, som det framgår av tabellen til denne artikkelen. Etter 2021 tek eigarane også ut eit utbytte på 300.000 kroner.

Gjestane bur varmt og godt, men flott utsikt mellom tretoppane. Men det er likevel ei hytte, med utedo og vatn som må berast inn. Dei blir leigd ut gjennom Airbnb og driftskostnaden er først og fremst knytt vedlikehald og til å sørge for at hyttene er reine og klare for neste gjest.

Sjølvgåande marknadsføring
Marknadsføringa av hyttene er så og seie sjølvgåande. Hyttene, utsikta og plasseringa gir fotomotiv som gjer seg på sosiale media.

- Vi har nesten ikkje jobba med marknadsføring. Vi la det ut på Facebook og Instagram (i starten, red, merk). Eg er ikkje akkurat nokon influencar. Det er kundane som har lagt ut bilete og spreidd det glade budskap, seier Aabrekk.

Byggjer meir
Engeset Trehytte er i ferd med å bygge hytte nummer tre, som står ferdig til sommarsesongen om alt går som det skal.

Olav Aabrekk, som eier medeigar og kontaktperson inn mot kundane, seier planen er å hauste erfaringar med den tredje hytte, før det eventuelt blir vurdert enda fleire. Engeset Trehytte har rett til å bygge opptil fem hytter.

Aabrekk eig Engeset Trehytte saman med hotelldirektør Preben Moen på Gloppen Hotell og Jan Roger Engeset.

Gloppa hytter foto Olav Aabrekk
FOTOMOTIV: Ei huske ved sidan av hytta, fjorden under og fjella i bakgrunnen gir ettertrakta fotomotiv. Dette er frå hytta til selskapet Gloppa, som har ei hytte ved Sandane og planar om tre på Radøy. Foto: Olav Aabrekk

Hytter som kan flyttast
Aabrekk er også medeigar i eit anna hytteselskap, Gloppa as, som per i dag har ei hytte ståande i eit hogstfelt, nordvest for Sandane, med utsikt over fjorden og fjella på andre sida.

Til skilnad frå hyttene til Engeset Trehytte står hytta til Gloppa på bakken og kan dessutan flyttast på. Den hadde sine første gjester i fjor, då den sto ved sjøen i Sandane sentrum, før den blei flytta opp i hogstfeltet.

Aabrekk eig Gloppa 50/50 saman med Marius Tenden. Tenden bur i Radøy i Hordaland, og selskapet planlegg å få bygd ytterlegare tre hytter i løpet av 2022. Dei skal plasserast på Radøy.

Engeset Trehytte as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt0,70,5
Driftsresultat0,30,2
Resultat før skatt0,30,2

Publisert: 27.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.04.2022 17:04