Tener godt paa Groenland og paa Elkjoep
HAREID: Konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik (nr. to frå venstre) i samtale med Sivert Bjønstad (Frp), Hareid Group-medeiegar Bjørn Teigene og ordførarkandidat Oskar Grimstad (Frp) i Hareid.
Nytt

Tener godt på Grønland og på Elkjøp

Hareid Group slit med skipsprosjekt i utlandet, men tener godt på satsinga på Elkjøp, og har i tillegg god inntening på Grønland.

30.08.2019
- Ja, vi eig 51 prosent av eit selskap på Grønland, ei investering vi i si tid gjorde fordi vi trudde der skulle skje ei storstilt satsing på gruveutbygging.
- Det har vorte smått med gruvesatsing, men selskapet gjer det uansett svært så bra.
Det seier konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik i Hareid Group.

På grønlandsk besøk

I det grønlandske selskapet arbeider det rundt tjue tilsette, og dei satsar i stor grad på installasjonsarbeid.
- Om fjorten dagar reiser eg over for å besøke dei tilsette og lære dette selskapet betre å kjenne.
- Dette vert spennande, seier Halkjelsvik.
I Hareid Group-konsernet arbeider det 690 tilsette i fire land, og der 13 selskap ligg under konsernparaplyen.
Konsernet gjekk med tap i fjor, spesielt på grunn av tap på skipsbyggingskontrakter i utlandet.

Viktig Myklebust-kontrakt

Men også HG Teknikk fekk eit resultat før skatt på minus 2,0 millionar kroner av ei omsetning på 337,5 millionar.
Dette Hareid-baserte selskapet har rundt 90 tilsette, og driv i stor grad med elektrisk installasjon og service på skip og industribygg, i tillegg til å produsere styrepultar, el-tavler og andre elektriske styresystem.
Halkjelsvik seier at denne delen av konsernet no går betre enn i fjor.
- Blant anna har vi ei stor og god kontrakt med Røkke-eigde Akofs Seafarer på Myklebust.

Sju Elkjøp-butikkar

Men aller best av konsernselskapa gjer HG Handel det, som no har sju butikkar på Nordvestlandet som sel forbrukarelektronikk i regi av Elkjøp.
Etter samanslåinga av Lefdal og Elkjøp har HG Handel franchiseavtale med to Elkjøpbutikkar i Ålesund (Moa og Breivika), to i Ulstein (Saunesmarka og sentrum) og to i Ørsta/Volda (Hovdebygda og Furene).
I tillegg vart Elkjøp Molde kjøpt i fjor.
HG Handel omsette i fjor for 457,2 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 20,8 millionar kroner.
- For Hareid Group har det vore viktig å ha denne inntektsbringande delen av konsernet medan vi slit innanfor dei marine satsingane, seier Halkjelsvik.

Franschise-butikkar

Elkjøp-butikkane blir drivne som franchisebutikkar. Det betyr at det er kjeda som styrer korleis butikkane skal sjå ut, vareutval og prisar.
Det franchisetakarane, som HG Handel, har kontroll over er mellom anna eigne driftskostnader, tilsetjingar og omdømebygging.
- Det er tøff konkurranse, ikkje minst frå nettselskap som Amazon, men så langt klarer vi oss godt, seier Halkjelsvik.
I HG Handel var det ved årsskiftet tilsett 105 årsverk.
Det er tøff konkurranse, ikkje minst frå nettselskap som Amazon

Publisert: 30.08.2019 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38