Tenkte nytt i rekrutteringa
TENKTE NYTT: Biologane Birgitte Refsnes (t.v.) og Frida Thyri Segafredo har ei rolle i både produktutvikling, dokumentasjon, sal og marknadsføring i Cflow. Selskapet ville ha kunnskap som kunne utfylle ingeniørane og fagarbeidarane då Refsnes og Segafredo blei tilsett i fjor.
Nytt

Tenkte nytt i rekrutteringa

Cflow har gått nye vegar for å få kundar på kroken.

29.03.2018
- Eg blei forferdleg nysgjerrig på kva i hulaste ein utstyrsleverandør skulle med ein biolog, seier Birgitte Refsnes.
Ho blei henta på flyplassen på Vigra av CMO (chief marketing officer) Gunnar Hoff i Cflow og administrerande direktør Arnstein Johansen då ho kom på jobbintervju i fjor, og vart tilsett før dei kom fram til kontoret og verkstaden på Sula. I løpet av fjoråret fekk ho også Frida Thyri Segafredo som fagleg kollega, og i dag har dei to biologane ei rolle i både produktutvikling, dokumentasjon, sal og marknadsføring i Cflow.
- Eg trur det er det tverrfagleg dei er ute etter, det er kombinasjonen av kunnskap som er viktig, seier Segafredo.

Kråkebollesatsing

Dei to er mellom anna sentrale i Cflow si satsing på anlegg og utstyr for kråkebolleoppdrett i Japan.
Utviklinga skjer i samarbeid med selskapet Urchinomics, som har arbeidd i fleire år med å kommersialiserer kråkebolleoppdrett. Selskapet var fram til i fjor haust eigd av Sigurd Teige sitt investeringsselskap Kaston, før det vart seld til ein asiatisk aktør.
Eigarskiftet påverka imidlertid ikkje samarbeidet med Cflow og utstyrsutviklinga der, og snart skal Cflow teste sine idear i eit pilotanlegg for landbasert kråkebolleoppdrett rett utanfor verkstaden på Sula.

Avgjerande kunnskap

Utan biologane, ikkje noko kråkebolleprosjekt for Cflow, seier administrerande direktør Arnstein Johansen i Cflow.
Men biologane fekk ikkje jobben berre på grunn av kråkebollane.
Dei arbeider på alle felt Cflow er inne i. Poenget med tilsettinga var å hente ut ein ekstra kompetanse og djupare forståing for problemstillingar der biologi og teknologi kryssa kvarandre.
-Erfaringane så langt er udelt positive, seier Johansen.

Utradisjonelt

Cflow sitt val skil seg ut.
Biologarbeidsplassane på Nordvestlandet, utanom undervisningsstillingar, er typisk å finne i fiskehelseselskap som Patogen og Åker Blå, i forskarstillingar i Møreforsking, hos bedrifter i den bioomarine industrien som har organisert seg i klyngeorganisasjonen Blue Legasea og hos oppdrettselskap.

Nær gjennomsnittet

Ei undersøkjing som NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning) har gjort viser at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane pr. sist vinter sysselsette seks prosent av alle i 2014-kullet som hadde tatt mastergrad i realfag innan biologiske fag. Det er ein andel omlag på line med dei to fylka sin andel av folketalet i Noreg (sju prosent).
Når NIFU såg på alle som hadde tatt mastergrad i 2014 - altså alle slags utdanningar - var det berre 3,5 prosent som hadde jobb i Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane sist vinter.
Undersøkjinga tyder altså på at andelen av biologar av dei med høgare utdanning i dei to fylka ligg høgare enn landsgjennomsnittet.
Undersøkjinga av 2014-kullet fortel og noko om arbeidsmarknaden for biologar generelt. Fem prosent av dei uteksaminerte var arbeidsledige vinteren 2017, fem prosent arbeidde ufrivillig deltid og to prosent hadde tatt jobbar dei var overkvalifisert for eller der utdanninga var irrelevant.
Tilsvarande andeler for alle mastergradskandidater som var med i undersøkjinga, var høvesvis i overkant av tre prosent (arbeidsledige), nær to prosent (undersysselsett) og nær to prosent (irrelevant arbeid).
.
Eg trur det er det tverrfagleg dei er ute etter, det er kombinasjonen av kunnskap som er viktig

Publisert: 29.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18