Molde
MOLDE: Molde tok andreplass i Eliteserien i fjor, men tente godt på spel i Europa. Foto: Molde Fotball
Nytt

Tente godt på spel i Europa

Trass i at det nesten ikkje var publikumsinntekter, fekk Molde Fotballklubb i fjor sitt første positive driftsresultat sidan 2010.

15.09.2021

Dette går fram av årsmeldinga til klubben, som no er klar i Brønnøysundregistra.

Der går det fram at inntektene kom opp i 215,1 millionar kroner, opp frå 121,1 millionar året før.

Resultatet før skatt enda på 74,8 millionar kroner, mot 0,4 millionar i 2019.

Europa-suksess
Kamp- og billettinntekter i 2020 var på kun 9,8 millionar kroner etter at Eliteserien først vart spela utan publikum, og deretter vart opna til å ta 600 tilskodarar, i ein sesong som starta først 15. juni og slutta rett før jul.

Men dei store inntektene for Molde Fotballklubb kom etter at Molde gjorde stor suksesss i Europa, og rauk først i åttedelsfinalen mot spanske Granada i Europaligaen etter å ha slått ut tyske Hoffenheim i runda før.

(saka held fram etter tabellen)

Molde Fotballklubb
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 215,1 121,2
Driftsresultat 58,1 -15,1
Resultat før skatt 74,8 0,4

Røkke-midlar
Molde Fotballklubb har ein eigenkapital på 85,2 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 30,7 millionar kroner, etter at eigarane Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten har spytta inn store summar årleg i klubben.

I tillegg har Røkke gjennom sitt eige selskap TRG betalt ut 130 millionar kroner dei siste ti åra gjennom prosjekt Tilhørighet, der ein gjennom prosjektet støttar lag og organisasjonar i regionen, i tillegg til å bidra til å fylle opp med publikum på Aker stadion.

48 lag
I årsrapporten går det fram at klubben har 510 spelarar fordelt på 48 lag, i tillegg til 120 trenarar og lagleiarar.

Klubben organiserer også eit gatelag for personar med rusproblem.

Totalt er det 62 årsverk i klubben, der samla lønskostnader i fjor var på 169 millionar kroner.

For i år har klubben forpliktelsar overfor spelarar på og trenarar på 30 millionar kroner, og ytterlegare 25 millionar neste år.

Publisert: 15.09.2021 08:45

Sist oppdatert: 15.09.2021 08:17

Mer om