Gunvor Ulstein 1 foto Ulstein Group
COMEBACK: Gunvor Ulstein er tilbake som konsernsjef på fast basis i Ulstein Group. Foto: Ulstein Group
Nytt

Tilbake som fast toppsjef

Ulstein Group har tilsett Gunvor Ulstein som konsernsjef.

29.01.2024

Ulstein blei konstituert som konsernsjef då Cathrine Kristiseter Marti gjekk av etter tre år leiar for Ulstein Group-konsernet i fjor haust.

No har styret tilsett Gunvor i Ulstein som fast konsernsjef, den same jobben ho hadde før Kristiseter Marti blei toppsjef.

- Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group. Ho har hatt fleire stillingar i Ulstein, men allereie som 29-åring i 1999 tok ho på seg toppleiarrolla, ei stilling ho hadde i nesten 22 år, fram til 2020. Gunvor representerer kontinuitet, og ho har leia konsernet gjennom oppturar og nedturar, seier styreleiar og bror Tore Ulstein i ei pressemelding frå Ulstein Group.

– Ulstein er eit familieeigd selskap. Når eg no har valt å gå ut av den operative rolla, vil eg i kraft av styreleiarrolla i Ulsmo, og saman med styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, konsentrere meg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa, sa Gunvor Ulstein i ei pressemelding då ho gjekk av i 2020.

Publisert: 29.01.2024 16:19

Sist oppdatert: 29.01.2024 16:25