Gir seg som toppsjef i Ulstein
Cathrine Kristiseter Marti går på dagen etter tre år som konsernsjef.
Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet. Ho seier dermed opp stillinga si, ifølgje ei pressemelding frå skipsbyggjarkonsernet.
Marti opplyser til NETT NO at ho førebels ikkje kan opplyse om kva jobb ho skal over i no.
Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.
Tidlegare toppsjef tek over
Gunvor Ulstein har tidlegare vore konsernsjef i Ulstein Group i nærare 22 år og representerer tredje generasjon i det familieeigde konsernet.
Etter at ho gjekk av som konsernsjef i 2020, haldt ho fram engasjementet sitt i Ulstein gjennom ulike styreposisjonar i konsernet. Ho er óg styreleiar i familieselskapet Ulsmo, som er majoritetseigaren i Ulstein Group.
Fem skip i ordreboka
Etter fleire år med magre ordrebøker har Ulstein no betydelig arbeid framføre seg. Verftet har ei ordrebok på fem nybygg, fire havvindskip og ein kabelleggar.
I tillegg har dei eit omfattande ettermarknads- og serviceprogram, melder konsernet i oppdateringa.
– Vi vil takke Cathrine for den innsatsen ho har lagt ned i Ulstein gjennom ni år, først som finansdirektør og dei siste tre åra som konsernsjef, og vi ønskjer henne alt det beste framover, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group.
Publisert: 29.11.2023 12:03
Sist oppdatert: 29.11.2023 13:28