Aurstad konkurs skiftesamling jan 19 foto Ogne
TAP: Mange mindre kreditorar møtte opp på første skiftesamling etter K.A. Aurstad, i januar 2019. Til venstre leiar for Aurstad-konsernet, Jo Stian Tverberg, til høgre bustyrar Håvard Wiker.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Åtte dagar i retten etter Aurstad-konkursen

Over 20 vitne er kalla inn til rettsaka mot Cato Aurstad etter konkursen i entreprenørselskapet K.A. Aurstad.

12.04.2021

Rettsaka startar tysdag. Søre Sunnmøre Tingrett har sett av åtte dagar til saka, som av smittevernomsyn er flytta til Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

Økokrim tok i januar i år ut tiltale mot Cato Aurstad. Det var bustyraren etter konkursen i K.A. Aurstad som melde ein transaksjon før konkursen til politiet.

K.A. Aurstad gjekk konkurs i 2018. Då hadde selskapet over 200 tilsette.

Konsernet driv i dag verksemda si gjennom datterselskapet Aurstad Tunnel.

- Han erkjenner ikkje straffeskuld. Han er både overraska og skuffa over å bli tiltalt, og hadde forventa ein henleggelse, sa Cato Aurstad sin advokat, Vegard Aaløkken, då tiltalen blei kjend.

Selde maskinparken
Utgangspunktet for saka er at maskinparken til K. A. Aurstad var seld til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige i oktober 2018 omlag to månader før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018.

Spørsmål retten må ta stilling til er mellom anna om dette salet skjedde til underpris, og kva rolle Cato Aurstad som medeigar og leiande tilsett hadde i transaksjonen.

Økokrim meiner Cato Aurstad hadde ei sentral rolle i denne transaksjonen og har sett han under tiltale for "på vegne av skyldner å ha foretatt en uforsvarlig handling som var egnet til å hindre at et formuesgode kunne tjene til dekning for en eller flere fordringshavere, og skyldneren sto i påtakelig fare for å bli insolvent."

"Formuesforringelsen er grov fordi den gjaldt et betydelig beløp", ifølgje tiltalen.

Ikkje underpris
Ifølgje Aaløkken sin kommentar då tiltalen kom var det eit informert og samla styre i K.A. Aurstad som vedtok transaksjonen.

Forsvaret er heller ikkje samd i at maskinparken vart seld til underpris. Transaksjonen skjedde basert på juridisk og reknskapsmessig råd og det er heilt vanleg med rabattar når maskinparkar vert seld samla, slik som i dette tilfelle.

Fire dagar med vitne
Rettsaka startar med innleingsforedrag frå aktor og forvarets kommentarar i dag, før Cato Aurstad skal bruke resten av dagen og deler av onsdagen på si forklaring.

Tysdag skal også bustyrar Håvard Wiker i vitneboksen.

Torsdag og fredag denne veke er det vitneforklaringar, mellom anna frå hovudkreditor DNB og Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som var med og finansierte det omstridde kjøpet av maskinparken.

I neste veke skal mellom andre Kjell Arne Aurstad, far til Cato og grunnleggar av K. A. Aurstad, og dagleg leiar Jo Stian Tverberg i Aurstad-konsernet i vitneboksen.

Tapte erstatningssak
Håvard Wiker, som blei oppnemnd til bustyrar i K. A. Aurstad-konkursen ville ikkje godkjenne salet av maskinparken, og meinte søsterselskapet Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for maskiner og utstyr som var kjøpt. Buet tok beslag i maskiner og utstyr. Resultatet blei eit forlik med buet, der Aurstad Maskinutleige betalte 9,5 millionar kroner for omlag ein fjerdepart av maskiner- og utstyr.

Aurstad Maskinutleige gjekk etterpå til erstatningssak mot sin juridiske rådgivar, advokatselskapet DLA Piper, fordi Aurstad Maskinutleige meinte DLA Piper hadde gitt dårlege og mangefulle råd, som førte til økonomisk tap for Aurstad Maskinutleige. DLA Piper skulle orientert om at spørsmål om rettsvern kunne bli eit tema, meiner Aurstad Maskinutleige.

Aurstad Maskinutleige vann i tingretten, men tapte i lagmannsretten, og har anka til Høgsterett.

Publisert: 12.04.2021 16:00

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:08

Mer om