Rozan Arrat Ekornes foto Ogne
FLEIRE TILSETTE: Rozan Arrat byrja i Ekornes under oppbemanninga i 2021. Ektefellen fekk jobb i 2020 og begge arbeider framleis i konsernet, som har fleire tilsette no enn før korona - trass i nedbemanning i haust. Tidlegare i år flytta familien frå Ålesund og kjøpte bustad i Sykkylven. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tillitsvald: - Ei lita bombe

Hovudtillitsvald meiner Ekornes-sjefen har gjort ein veldig god jobb med å utnytte boomen under pandemien. Avgangen kom som ei stor overrasking.

23.11.2022

- Han har vore populær, seier hovudtillitsvald Edvard Lie i Ekornes om Roger Lunde.

I dag tidleg kom først børsmelding og deretter eit informasjonsskriv til dei tilsette om at Roger Lunde har gått av som toppsjef i konsernet.

Lunde kom til Ekornes like før koronopandemien braut ut i mars 2020. Bortsett frå ein kortvarig periode med massepermitteringa i starten, har han leia eit selskap som har vore i sterkt vekst heilt fram til i vår, då møbelboomen passerte toppen.

Forsterka uvisse
Avgangen kom som ei stor overrasking på dei tilsette. Det forsterka den uvissa som nedbemanning og delvis bruk av fire-dagarsveke har skapt, sjølv om uroa rundt avgangen har dempa seg utover dagen, ifølgje Lie.

Sjølv om selskapet har nedbemanna i haust er det framleis fleire tilsette i Sykkylven enn før Lunde blei toppsjef.

Blant dei som har fått jobb og dessutan har flytta til Sykkylven er Rozan Arrat og ektefellen, opphavleg frå Syria, som byrja hos Ekornes i høvesvis 2020 og 2021.

Nye bustadar
Medan bustadmangel i Sykkylven skapte hovudbry i starten av møbelboomen er tilbodet no langt betre, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

To større prosjekt, med tilsaman 38 leilegheiter er under bygging og tomtefelt med nesten 30 tomter er ferdig regulert for utbygging, seier Drotninghaug. Ytterlegare tomtefelt blir klare neste år.

Publisert: 23.11.2022 14:11

Sist oppdatert: 23.11.2022 19:15

Mer om