Rozan Arrat Ekornes foto Ogne
PENDLAR FRÅ ÅLESUND: Rozan Arrat pendlar frå Ålesund til sysalen hos Ekornes. Ein samarbeidsavtale mellom Nav og eit tett samarbeid med vaksenopplæringa og flyktningtenesta gjorde at Ekornes raskt kunne rekruttere ei stor gruppe flyktningar då boomen kom i fjor sommar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mangel på folk bremsar veksten

No er det så lite ledig arbeidskraft i Sykkylven at Ekornes-sjef Roger Lunde meiner mangel på arbeidskraft står i vegen for meir vekst.

19.11.2021

Lunde har tidlegare sagt at Ekornes-konsernet skal bli dobbelt så stort innan fem år. Det betyr investeringar og vekst også i Sykkylven. Men kor stor veksten blir - målt i arbeidsplassar – kjem mellom anna an på tilgangen på arbeidskraft.

NETT NO-magasinet 2021 har rekruttering og arbeidsmarknaden som tema. Dette er ein artikkel frå magasinet, som no er ute. Klikk her for å lese magasinet på nett.

Buss og bustadar er stikkorda for kva Lunde ønskjer seg. Det må bli betre kollektivtilbod for folk frå Ålesund til dømes, og ikkje minst må det bli råd å få seg ein stad å bu for dei som vil flytte til Sykkylven.

- Eg er bekymra for tilgangen på folk, seier Lunde.

Flyktningar
I sysalen hos Ekornes er Rozan Arrat i arbeid på dagskiftet. Arrat kom som flyktning frå Syria til Noreg i november 2016 og byrja hos Ekornes 5. januar i år. Ho er ein av dei 181 nye tilsette på Ekornesfabrikkane i Sykkylven sidan juli 2020.

Ektemannen fekk jobb hos Ekornes i fjor. Ho og han arbeider kvart sitt skift og pendlar frå Ålesund der trebarnsfamilien bur, i alle fall inntil vidare – for no vurderer dei flytting til Sykkylven og ser etter hus.

Eg er bekymra for tilgangen på folk
Konsernsjef Roger Lunde, Ekornes

Arrat har også tre brør på fabrikken.

Utan Arrat og andre i hennar situasjon hadde Ekornes hatt store vanskar med å få tak i nok folk til å handtere oppturen.

Viktig avtale
Grunnlaget for at Arrat no arbeider hos Ekornes er delvis å finne i ein avtale flyktningtenesta, Nav og Ekornes inngjekk i 2017. Nav og flyktningtenesta hadde behov for bedrifter som kunne gi folk arbeidspraksis, og Ekornes sa ja.

I fleire år var behovet for fleire folk til Ekornes ikkje stort, fordi det ikkje var vekst. Men i fjor, då veksten kom, viste avtalen med Nav og flyktningkontoret seg å bli ei viktig rekrutteringskjelde for selskapet. Ekornes kunne ta inn folk på arbeidspraksis, betalt av NAV. Praksisperioden har typisk vart i tre til seks månadar og av 92 som kom i inn i bedrifta på denne måten har 87 fått fast arbeid.

Lærer norsk
Arrat hadde lært seg godt norsk lenge før ho fekk arbeid hos Ekornes, men blant dei nytilsette er det og folk som i utgangspunktet ikkje kunne språket i det heile.

I samarbeid mellom vaksenopplæringa og Ekornes har 60 personar fullført språkopplæring i vår, og nesten like mange gjer det i haust. Kravet er å kunne føre ein enkel samtale på norsk, og også kunne lese og forstå meldingar og faguttrykk.

- Eg såg eit digert behov for norskopplæring, seier Solgun Welle, leiar for vaksenopplæringa i Sykkylven, om situasjonen etter at møbelindustrien byrja å støvsuge arbeidsmarknaden etter folk.

Solgunn Welle leiar vaksenopplæringa Sykkylven foto Ogne
NORSKOPPLÆRING PÅ HØGGIR: - Eg såg eit digert behov for norskopplæring, seier Solgun Welle, leiar for vaksenopplæringa i Sykkylven, om situasjonen etter at møbelindustrien byrja å støvsuge arbeidsmarknaden etter folk. Foto: Ogne Øyehaug

Vaksenopplæringa har mellom anna tilpassa seg skiftplanen hos Ekornes og underviser på dagtid for kveldsskiftet og på kveldstid for dagskiftet.

- Heilt fantastisk, seier Roger Lunde om samarbeidet med flyktningtenesta og vaksenopplæringa.

Utan møbelbakgrunn
Det er ikkje berre språkopplæring det handlar om i rekrutteringsarbeidet hos Ekornes. Intern opplæring er stikkordet for dei fleste som byrjar i produksjonen.

- Nesten ingen som har fått jobb hos Ekornes har møbelfagleg bakgrunn, seier produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad.

Skulle selskapet stille slike krav, ville ein rett og slett ikkje fått tak i folk, og det har selskapet innsett i fleire år, fortel Ramstad. I staden blir opplæringa gitt på jobb.

Konsernet er framleis på jakt etter folk, men takta i nye tilsetjingar er ikkje like høg som på det meste.

I alt har konsernet auka arbeidsstokken med 1.025 personar på 15 månadar; 181 i Sykkylven, 35 på Grodås, 20 i USA, 532 i Thailand, 166 i Vietnam og 75 i Litauen.

Fabrikkane i Asia og Litauen lagar møblar under varemerket IMG, medan Stresslessproduksjonen og produksjonen av Svanemadrasser skjer i Noreg. I USA har Ekornes eit selskap som monterer Stressless-møblar. Det anlegget er under utviding, og skal tilsetje fleire folk.

Ekornes robot automatisering robotisering foto ogne 11
AUTOMATISERING: Ekornesfabrikken i Sykkylven brukar robotar til det meste, men treng likevel fleire folk når salet aukar. Denne robot-stasjonen står i sysalen. Foto: Ogne Øyehaug

Nesten ikkje arbeidsløyse
Våren 2020 var Sykkylven kommune på noregstoppen i arbeidsløyse. Over 27 prosent viste statistikken, men den situasjonen varte ikkje lenge.

Den registrerte arbeidsløysa er i dag er under ein prosent.

Ekornes og dei andre møbelbedriftene har støvsugd marknaden etter folk. For denne industrien vart koronaepidemien ikkje ei krise, tvert i mot.

Folk som måtte halde seg heime på grunn av alle smitteverntiltaka, har brukt tid og pengar på oppussing og fornying av møblementet. For storparten av møbelindustrien på Nordvestlandet auka både inntektene og lønsemda i fjor.

Treng meir bustadbygging
Ordførar Odd Jostein Drotninghaug fekk aldri tid til å la svartsynet ta seg då massepermitteringane kom i mars i fjor. Det blei rett og slett for travelt å handtere krisa.

Odd Jostein Drotninghaug foto Ogne
TRENG FLEIRE BUSTADAR: - Vi er avhengig av at bustadbygginga tek seg opp, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug. Foto: Ogne Øyehaug

Mellom anna lånte kommune ut sine tilsette slik at Nav kunne handtere alle dei permitterte og sikre at dei fekk permisjonspengane sine i tide.

Mellom anna hadde kommunen tett kontakt med Nav slik at dei kunne handtere alle dei permitterte og sikre at dei fekk permisjonspengane sine i tide.

Det litt paradoksale er at Sykkylven i ei fart fekk status som omstilllingskommune etter at koronakrisa kom.

Omstillingsstatusen betyr mellom anna støtte for å utvikle næringslivet, slik at Sykkylven får fleire bein å stå på enn møbelindustrien, ei ordning som varer ut 2026.

Målet er ikkje å erstatte dagens møbelindustri, men å supplere den. Det skal kome arbeidsplassar i tillegg til, ikkje i staden for, i eksisterande bedrifter.

- Vi prøver no å skape enda fleire arbeidsplassar, seier Drotninghaug.

Men skal alle desse arbeidsplassane bli noko av, må det finnast folk som kan fylle dei. Og dei må kome til Sykkylven om ikkje bedriftene skal byrje å kannibalisere på kvarandre.

Meir innpendling er ikkje nok, trur Drotninghaug.

- Vi er avhengig av at bustadbygginga tek seg opp, seier han.

Drotninghaug anslår at det er nok prosjekt på gang til at det innan tre år kan stå ferdig 70-80 nye bustadar. Den relativt nye sentrumsplanen gir rom for 150-200 nye bustadar, men Drotninghaug meiner det snart blir behov for å behandle planen på ny, for å klargjere for enda meir bygging.

NETT NO-magasinet 2021 har rekruttering og arbeidsmarknaden som tema. Dette er ein artikkel frå magasinet, som no er ute. Klikk her for å lese magasinet på nett.

Publisert: 19.11.2021 11:32

Sist oppdatert: 15.12.2021 09:29

Mer om