Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

To byggefirma konkurs etter skattekrav

Ålesund-firma til skifteretten.

Marius Rosbach
18.12.2023

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i to firma registrert i byggebransjen måndag.

Krav frå skatteetaten var bakgrunnen for begge konkursane.

Litnor Bygg Service i Ålesund har samla krav mot seg på drygt ein million kroner. Årsaka er manglande betaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk.

Det einaste av verdi i selskapet er noko verktøy, ifølgje rettspapira.

Firmaet har berre vore i drift i eit par år. Verksemda er no innstil og alle tilsette har slutta. Selskapet omsette for 4,3 millionar i fjor, og drifta gjekk nær 1,2 millionar kroner i minus.

Tingretten opna også konkurs i Fultus As etter krav frå skatteetaten på kring 380.000 kroner. Byggefirmaet skulda pengar til skatteetaten for moms, skattetrekk, utleggstrekk og tvangsmulkt, ifølgje rettspapira.

Selskapet blei starta i 2020, men har knapt hatt omsetning. Ingen frå selskapet møtte i retten.

Publisert: 18.12.2023 15:10

Sist oppdatert: 18.12.2023 15:10

Mer om