PE Bjørdal bygg utendørs foto marius 11
NY DRIFT: Det har vorte ny drift etter dei største konkursane i regionen det siste året. Etter at PE Bjørdal (bilde) melde oppbod er det starta ny drift i lokala. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Framleis konkursauke i nordvest

Langt fleire selskap i regionen har gått over ende i år.

Marius Rosbach
05.12.2023

«Fleire og større konkursar» skreiv NETT NO på slutten av fjoråret. Trenden har forsterka seg i 2023.

Ved utgangen av november hadde det vore 32 prosent fleire konkursar i Møre og Romsdal og Nordfjord-kommunane, samanlikna med 2022.

Det viser tal frå Brønnøysundregistera som NETT NO har henta inn.

Ved inngangen til desember har 202 selskap gått konkurs i Møre og Romsdal og i Nordfjord (Kinn, Gloppen, Stryn og Stad). I fjor på same tid var talet 153 selskap.

Varsellampene på i bygg- og anlegg
Årsakene til konkursane er mangslungne etter kva bransje selskapa har vore i. Framleis er det flest selskap som har vore i drift i få år, som går over ende.

Trenden er likevel at fleire selskap som har vore i drift i lengre tid, også gir opp drifta.

Husbyggjarfirmaet Total-Bygg i Hjørungavåg er mellom dei som har meld oppbod etter meir enn 60 år i bransjen. Mangel på oppdrag var årsaka.

Bygg- og anlegg er mellom bransjane der mange firma går over ende – og fleire ropar varsko om ein marknad i full brems.

Tøft i varehandel – men rekord på Moa
Varehandel har også hatt ei auke i konkursar i år, samanlikna med i fjor på Nordvestlandet.

Dei var mellom bransjane banksjef jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN såg faresignal for ved inngangen av 2023.

Samtidig viser ferske tal frå at varehandelen i regionen held stand. Amfi Moa-senteret melde nyleg at dei låg an til ny omsetningsrekord i 2023.'

Fleire årsakar bak PE Bjørdal-oppbod
Hurlen i Sparebank 1 SMN var i fjor uroleg for utviklinga for leverandørindustrien til havbruk. I mai gjekk PE Bjørdal med fleire enn 75 tilsette konkurs.

Årsaka til at den meir enn 100 år gamle bedrifta gjekk over ende var samensett.

I tillegg til svikt i oppdrettsmarknaden som følgje av lakseskatten, fekk bedrifta bortfall av Russland-marknaden etter Ukraina-invasjonen og tap på fleire prosjekt, som svekka økonomien.

Selskap registrert innan industri so langt i år hatt ei dobling i talet på konkursar i Møre og Romsdal, samanlikna med 2022. Men mellom dei er fem av Geiranger Bakeri-selskapa – som strengt tatt høyrar innunder servering.

Flest råka av Langset-konkursar
Den mest omfattande verksemdene som har gått konkurs på Nordvestlandet i år, er Langset-selskapa Langset KMC og Langset Yard Services.

Til saman hadde selskapa kring 140 tilsette då dei melde oppbod i mars. Dei tilsette fekk nye jobbar i andre selskap og konsernet tok over oppdraga til dei konkursråka bedriftene.

I haust melde også Langset-selskapa Norwegian Marine Interior og Langset Bugge Gjertsen oppbod.

Nytilsett konsernsjef Andreas Lindaas Lie fortalde til NETT NO i førre veke korleis Molde-konsernet no ventar ny vekst.

Størst auke i Møre og Romsdal
2023 starta med eksplosiv auke i konkurstala på Nordvestlandet samanlikna med fjoråret.

Etter tredje kvartal viste tala at veksten hadde dempa seg – men framleis var høg samanlikna med 2022-tala. Mot slutten av året har det vore ny auke – i hovudsak for kommunane i Møre og Romsdal.

Ved slutten av november er auken på konkursopningar i år samanlikna med i fjor, på heile 40 prosent i fylket.

Stabilt i Nordfjord
Ved utgangen av november har tala i Nordfjord vore stabile samanlikna med tidlegare år. I Kinn har det vore 10 konkursar, Gloppen har hatt 7 og berre 3 Stryn-selskap har gått til skifteretten så langt i år.

Stad kommune låg lenge an til å ikkje ha ein einaste konkurs i2023 – men i november melde anleggsfirmaet Per Røyrhus oppbod (firmaet skifta namn til GPR As kort tid før konkursen, journ. anm.).

Fleire oppstartsselskap til skifteretten
Torskeoppdrettarane i Purecod, kunsthandlarane i Inzpero og den maritime utstyrsleverandøren Wavefoil er eksempel på selskap i oppstartsfasen som har gått over ende i året som gjekk.

Tango Seaweed må også seiast å ha vore i oppstartsfase, sjølv om firmaet blei starta i 2016. Sande-selskapet har jobba i fleire år med å skape business av tang og tareproduksjon, men kasta inn handkleet i august.

Alle selskapa har henta betydeleg kapital til å satse i kvar sine bransjar, men har av ulike årsaker ikkje lukkast.

Publisert: 05.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 05.12.2023 01:05

Mer om