To forslag til kommunevaapen
FORSLAGA: Til høgre det «moderne» forslaget frå I&M og til venstre redesignet frå Elle  Melle. 
Nytt

To forslag til kommunevåpen

Redesign av den opphavelege byvåpenet, eller eit heilt nytt kommunevåpen er forslaga. Komiteen sjølv er delt om kva dei meiner.

Marius Rosbach
07.06.2019
Komiteen for nytt kommunevåpen og ordførarkjede i Nye Ålesund foreslår to nye kommunevåpen. Dei tre bedriftene Elle melle, I&M og Trolltegn har laga forslag og presentert desse for komiteen.

To alternativ

Komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede er delt i synet på kva som er det beste forslaget, og legg difor fram to ulike forslag.
Alternativ 1 er designa av Elle Melle og er eit redesign av Ålesund sitt opphavelege byvåpen.
– Redesignet er ei modernisering og tilpassing av kommunevåpenet for å gjere det meir framtidsretta, samtidig som det tar omsyn til historia og tradisjonen som våpenet representerer, heiter det om forslaget.
Alternativ 2 er laga av I&M og har eit enklare visuelt uttrykk med tre «bølgjeformer» og ein loddrett figur.
Alternativet står for «nytenking, nyskaping og er eit framtidsretta kommunevåpen som kan utfordre og skape interesse for kommunen», heiter det.

Endeleg avgjerd til hausten

13. juni skal fellesnemnda for den nye kommunen gi si tilråding til kommunestyret som tek ei endeleg avgjerd i haust. Byvåpenet skal takast i bruk så snart som mogleg etter samanslåinga til Nye Ålesund frå årsskiftet.
Komiteen meiner at arbeidet med nytt ordførarkjede ikkje skal starte før endeleg avgjerd om nytt kommunevåpen er teke av eit nytt kommunestyre hausten 2019.
Les også:

Publisert: 07.06.2019 13:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35