Havila castor foto Tersan Shipyard 11
SKIP NUMMER TO: Havila Castor er skip nummer to Havila Kystruten overtek frå Tersan-verftet i Tyrkia. Foto Tersan Shipyard
Nytt

Tok over Havila Castor

Havila Kystruten eig skipet sjølv. Har fått ny finansiering.

22.04.2022

Havila Kystruten har i dag tatt over sitt andre skip av i alt fire skip, Havila Castor, skriv selskapet i ei børsmelding.

Les børsmeldinga her

Opphavleg skulle skipet no eigast av eit datterselskap av det statlege russiske finansieringselskapet GTLK og leigast attende til Havila Kystruten gjennom ein leasingavtale.

Etter at GTLK blei omfatta av dei vestlege sanksjonane mot Russland etter invasjonen i Ukraina har Havila Kystruten arbeidd for å finne ei alternativ finansiering for alle fire skipa, både dei to som er levert og dei to som frameleis er under bygging i Tyrkia.

Ny finansiering
Ei ny finansieringa for Havila Castor er på plass i alle fall på kort sikt, ifølgje børsmeldinga,:

"Havila Castor er levert til et norsk selskap 100 % eid av Havila Kystruten.
Skipet er registrert i Norge og har norsk flagg. Skipet har en markedsverdi på rundt 1,2 milliarder norske kroner, og er finansiert med egenkapital og ett lån på 46 millioner euro fra skipsverftet og skipsverftets bank. Lånet er for en periode på 3 måneder og med gode
betingelser. Havila Kystruten forventer å ha fått på plass refinansiering innen den
tidsrammen. Utover det er skipet finansiert av interne lån fra Havila
Kystruten.", heiter det i meldinga.

Ved kai i Bergen
Det første skipet Havila Kystruten fekk overlevert, Havila Capella, er formelt eigd at eit GTLK-selskap.

Det ligg ved kai i Bergen.

På grunn av sanksjonane har Havila Capella ikkje forsikringane som må til, og har for andre gang avlyst ein rundtur Bergen-Kirkenes.

Kjapt i trafikk
Havila Castor seglar til Bergen med eit mannskap på 40.

"Havila Kystruten vil på turen hjem og etter ankomst i Bergen, sette alle tilgjengelige ressurser inn for at Havila Castor skal komme i rute som planlagt.", skriv Havila Kystruten i børsmeldinga.

Sævik-familiens holdingselskap, Havila Holding, er 60,42 prosent eigar i Havila Kystruten. Reirarlaget vart børsnotert i august 2021 .

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO

Publisert: 22.04.2022 15:39

Sist oppdatert: 26.04.2022 09:57

Mer om