Kystruten råka av sanksjonar mot Russland
Reiarlaget skal jobbe med europeisk finansiering.
Det statseigde russiske selskapet GTLK, som finansierer skipa til Havila Kystruten, er råka av dei nye sanksjonane mot Russland.
Reiarlaget opplyser i ei børsmelding måndag at dei reknar det som truleg at GTLK dermed blir forhindra frå å gjennomføre finansieringa, og jobbar med alternativ.
Det opplyser reialaget i ei børsmelding måndag.
Herøy-selskapet opplyser at dei er i konkrete drøftingar for å finne ei løysing for levering av skip nummer to - Havila Castor, så snart som råd.
Etter det NETT NO kjenner til jobbar Havila Kystruten intenst med å få på plass ei europeisk finansieringsløysing, først for å få løyst ut Havila Castor frå Tersan-verftet, deretter for alle dei fire skipa til Havila Kystruten.
Den europeiske løysinga kan etter det NETT NO har grunn til å tru også omfatte også Tersan sin hovudbankforbindelse i Tyrkia.
Eigd av Russland
Årsaka til at sanksjonane no råkar Herøy-reiarlaget, er at selskapet har finansiert byggjeprogrammet for dei fire skipa ved Tersan-verftet via ein leasingavtale med GTLK.
Avtalen inneber at GTLK eig skipa og leiger dei tilbake til Havila Kystruten dei neste ti åra. Avtalen opnar for at Havila Kystruten kan kjøpe tilbake skipa etter to år, og gir selskapet rett til tilbakekjøp etter ti år.
Finansiert gjennom datterselskap
Havila Kystruten er finansiert gjennom to datterselskap av GTLK, eitt i Hong Kong og eitt i Irland.
Datterselskapet GTLK Asia Limited finansierer Havila Capella (som er sett i trafikk) og Havila Castor (som skal i trafikk i mai). GTLK Europe DAC finansierer Havila Polaris og Havila Pollux, som framleis er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia.
Etter at Havila Capella vart overlevert frå verftet og sett i trafikk tok GTLK Asia Limited tok over eigarskapen, i samsvar med leasingavtalen.
GTLK-selskapa finansierer både skip og fly, og har det russiske flyselskapet Aeroflot som kunde. Etter Russlands angrep på Ukraina fekk russiske fly landingsforbod i Europa og Aeroflot miste dermed ein stor marknad.
Lite aksjehandel
Børsmeldinga om at GTLK er på sanksjonslista vart sendt ut 10.20 i dag.
Etter børsmeldinga er det klokka 11:57 berre handla 100 aksjar i Havila Kystruten, til kurs 19,80 kroner per aksje. Det er 2,06 prosent opp samanlikna med aksjekursen då børsen stengte i går ettermiddag.
Sidan årsskiftet har aksjekursen falle 13,91 prosent. Dagens kurs verdset selskapet til 983 millionar kroner.
Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding, er 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten.
Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO
Publisert: 11.04.2022 10:51
Sist oppdatert: 11.04.2022 20:05