Montasje rundesymposiet sævik kleven ulstein remøy 11
SKAL INNLEIE: Torsdag skal (f.v.) Per Sævik, Kjersti Kleven, Gunvor Ulstein og Stig Remøy innleie under det første Rundesymposiet. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Topptung samling på Runde

Næringslivsfolk og organisasjonar skal diskutere framtida for ressursane i havet – men bak lukka dører.

Marius Rosbach
23.08.2021

Havforskingsinstituttet og Runde Miljøsenter har denne veka invitert kring 40 nøkkelpersonar frå næringsliv, organisasjonar og forskings- og utdanningsinstitusjonar, til Rundesymposiet 2021.

Arrangementet er nytt i år og tek mål av seg å vere ein møtestad og akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter.

– Det er gledeleg at vi har makta å samle så mange ressurspersonar lokalt og nasjonalt, seier dagleg leiar Ottar Håkonsholm ved Runde Miljøsenter i ei invitasjon til pressebrief ved avslutninga av arrangementet fredag.

Lukka arrangement
Ein rekke toppnamn står på plakaten og innleiarane opningsdagen torsdag, er Gunvor Ulstein, Per Sævik, Kjersti Kleven og Stig Remøy.

Også forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet, direktør Harald Solberg i rederiforbundet og tidegare konsernsjef i Mowi, Alf-Helge Aarskog, er mellom dei som elles deltek.

Arrangementet er lukka for andre enn deltakarane og det blir vist til at ein skal følgje sokalla reglane omtala som «Chatham House Rule». Det betyr at det er lov å referere kva som kjem fram under møtet, men at ein ikkje skal opplyse kven som sa kva. Reglane er meint å skulle føre til meir opne diskusjonar.

Skal samle seg om «Runderopet»
Temaet er Norge som havnasjon og det grøne skiftet. I invitasjonen blir det vist til at fagkunnskap om kyst – og havressursar er avgjerande for både forvalting, hausting og verdiskaping i framtida.

Avslutningsvis vil deltakarane samle seg om «runderopet» som skal vere ei erklæring om vegen vidare.

«Styresmaktene har ambisjonar om å flytte trafikk frå land til sjø – symposiedeltakarane har midla som trengs for å få det til», heiter det i invitasjonen.

Publisert: 23.08.2021 12:04

Sist oppdatert: 23.08.2021 12:23

Mer om