Tore Ulstein foto Ogne
Nytt

Tore Ulstein til Eksportstrategirådet-styret

Tore Ulstein blir ein av åtte som skal styre oppbygging av det nye Eksportstrategirådet, som får hovudkontor i Ålesund.

02.07.2021

Ein av dei første oppgåvene til det nye styret blir å tilsette ein administrerande direktør.

Styremedlemane i tillegg til Tore Ulstein er Arvid Moss (styreleiar), Kathrine Myhre (nestleiar) Sonja Djønne, Håkon Haugli, Brage Johansen, Kristine Leach og Helle Moen.

Moss er konserndirektør for Hydro Energy og har som Tore Ulstein vore president i NHO. Myhre er direktør i Patentstyret og har vore direktør for helseklynga Norway Helth Tech. Djønne er grunnleggar og dagleg leiar i matteprodusenten Heymat. Haugli toppsjef i Innovasjon Norge. Johansen er dagleg leiar i kraftteknologiselskapet Heimdall Power. Leach er marknadsdirektør i malingsprodusenten Jotun. Moen er regiondirektør i EGGS Design.

Auke eksporten
– Dette er eit botnsolid og kompetent styre som eg er sikker på at kjem til å bidra til at Noreg blir ein enda betre eksportnasjon. Det har vore viktig for meg å kople næringslivet tett på det strategiske eksportarbeidet, og det får vi til med denne satsninga, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

– Det er både veldig hyggeleg at kontoret kjem hit - og det er heilt riktig å legge det til Ålesund. Først og fremst fordi vi meiner det er fornuftig å ha eit sik organ nær der du har eit næringsliv som er så eksportretta som her i regionen, sa regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal til NETT NO tidlegare i sommar.

Taper terreng
Utgangspunktet for grepet regjeringa gjer med auka satsing på eksport, er at oljeinntektene vil gå nedover. Samtidig gjer Norge det langt dårlegare på eksport enn land som Danmark og Sverige.

– Vi er på jumboplass, som nyvalt LO-leder Peggy Hessen sa i ei pressemelding seinast måndag i samband med at Menon Economics la fram Eksportmeldingen 2021.

Ut av Ulsteinleiinga
Tore Ulstein sluttar i fjor haust som visekonsernsjef i Ulstein Group.

– Det har vore fem-seks intense år etter nedgangen i 2014-15. Først ei periode med kraftig omstilling – og no korona. Det er klart at det tek på å ha ei så sentral rolle i eit lite lokalsamfunn, sa han i samband med avgangen.

Han heldt fram i styreverv i konsernet, og sa at avgangen gjorde det råd å gjere andre ting som han hadde lyst til. Ulstein er styreleiar i forskningsinstituttet NORCE og styremedlem i Norwep, og no også i Eksportstrategirådet.

Publisert: 02.07.2021 09:00

Sist oppdatert: 02.07.2021 08:24