Skansekaia montasje helge gjerde foto marius 11
NYE «SAMBUARAR»: Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal ser fram til at det nye Eksportstrategirådet flyttar inn i same bygg på Skansekaia i Ålesund til hausten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Skal sjå etter dei store internasjonale moglegheitene

Auka eksport er peika på som ein av dei viktigaste oppgåvene for nasjonen framover - og Ålesund vil spele ei sentral rolle.

Marius Rosbach
22.06.2021

I desse dagar jobbar næringsdepartementet med å finne ut til kven som skal utgjere dei sju personane i styret for etaten som skal legge føringane for korleis Norge skal auke eksporten.

Eksportstrategirådet blei det ikkje heilt tabloide namnet på den nye eininga, etter at arbeidstittelen Business Norway blei lagt i skuffen. Departementet håpar å ha styrenamna på plass før sommarferien.

– Det er både veldig hyggeleg at kontoret kjem hit - og det er heilt riktig å legge det til Ålesund. Først og fremst fordi vi meiner det er fornuftig å ha eit sik organ nær der du har eit næringsliv som er så eksportretta som her i regionen, seier regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal til NETT NO.

– Vi er på jumboplass
Utgangspunktet for grepet regjeringa gjer med auka satsing på eksport, er at oljeinntektene vil gå nedover. Samtidig gjer Norge det langt dårlegare på eksport enn land som Danmark og Sverige.

– Vi er på jumboplass, som nyvalt LO-leder Peggy Hessen sa i ei pressemelding seinast måndag i samband med at Menon Economics la fram Eksportmeldingen 2021.

Dei siste åra har utfordringa kome stadig høgare på den politiske agendaen, og før valet i haust er det venta at temaet vil bli høgaktuelt.

Skal peike på satsingsområde
Eksporteininga som no kjem til Ålesund skal peike på kva næringar Norge skal satse på, og korleis det skal gjerast.

Regjeringa har allereie lagt føringar eksportstrategien dei la fram i fjor. Den går mellom anna ut på å satse på næringsklyngene og næringar der Norge allereie er verdsleiande.

– Eksportstrategirådet skal finne ut korleis dette skal jobbast med strategisk, ved å identifisere, utvikle og prioritere satsingane. Samtidig er vi fleire aktørar i verkemiddelapparatet der alle skal sjå etter dei store internasjonale moglegheitene, fortel Gjerde.

Trur regionen kan spele ei viktig rolle
Regiondirektøren er overtydd om at næringslivet på Nordvestlandet har stort potensiale til å bidra positivt i utviklinga, ikkje minst når det kjem til løysingar for det grøne skiftet.

– Regionen kan vere med å bygge bru over dette eksportgapet, påpeiker han.

Helge Gjerde har tidlegare fortalt korleis lokale bedrifter stiller sterkt i arbeidet med å finne ut korleis ein skal handtere globale utfordringar kring mat, energi og transport i framtida.

Bakgrunn: – Det handlar ikkje om at vi skal finne den nye olja

– Det ligg i dagen at vårt næringsliv skal spele ei viktig rolle i å utvikle meir eksport dei neste ti åra, seier han.

(saka held fram under)

Iselin nybø brosundet 11
NY ETAT: For å gjere noko med den fallande eksporten har regjeringa lagt ein ny strategi for styresmaktene sitt bidrag på feltet. Det skal mellom anna gjerast ved hjelp av nye Eksportstrategirådet i Ålesund, kunne næringsministeren fortelje for tre veker sidan. Foto: Marius Rosbach

Behov for ulik fagkunnskap
Næringsminister Iselin Nybø kom til sjølv til Ålesund for å fortelje om opprettinga av Eksportstrategirådet med tilhøyrande 10-15 arbeidsplassar.

Medan det no samanslåtte Eksportfinans i stor grad er bemanna med folk med finansbakgrunn, vil det vere behov for ulik kompetanse ved det nye kontoret, ifølgje statsråden.

– Det må på plass analysar og dei må jobbe tett med dei andre i verkemiddelapparatet for at vi skal få ein heilheit i dette arbeidet, sa Nybø under Ålesund-besøket til NETT NO.

Publisert: 22.06.2021 08:40

Sist oppdatert: 02.07.2021 08:14

Mer om