Tre advokatfirma i nordvest blant topp 100
Adviso Advokatfirma er tilbake blant dei 100 største advokatselskapa i Noreg og Judicia gjer eit nytt hopp oppover lista.
På Finansavisen si årlege rangeringa av norske advokatselskap er det tre med adresse på Nordvestlandet, Øverbø Gjørtz, Judicia og Adviso Advokatfirma.
Dei to siste har kontor i Ålesund, medan Øverbø Gjørtz er delt mellom Molde, Ålesund og Ørsta.
I 2019 kom Judicia tilbake på lista og i rangeringa basert på 2020-reknskapa rykka Judica opp 15 plassar, til nummer 79 på lista etter å ha auka inntektene frå 21,9 til 28,4 millionar kroner frå 2019 til 2020.
Les også
Tilbake på lista
I rangeringa basert på 2019-reknskapa fall Adviso Advokatfirma ut av lista. I år er selskapet tilbake, etter å ha auka inntektene frå 19,9 til 24,7 millionar kroner.
Adviso Advokatfirma er rangert som nummer 90 på lista.
Øverbø Gjørtz er storebroren blant advokatselskapa på Nordvestlandet og er sjette største advokatselskap utanfor Oslo. Øverbø Gjørtz er på 40. plass på Finansavisen rangering, ein plass ned frå 2019.
Avdelingskontor
I tillegg til selskapa med adresse på Nordvestlandet er fem av dei to største advokatselskapa i Noreg representert med avdelingar i Ålesund; Schjødt, PWC, Sands, Kvale og Ey.
Advokatselskapet Harris, med hovudkontor i Bergen, er nummer 30 på lista og det største advokatselskapet utanfor Oslo. Harris har avdelingskontor i Stryn.
Øverbø Gjørtz as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 57,4 | 61,4 |
Driftsresultat | 15,5 | 13,7 |
Resultat før skatt | 0,01 | 0,01 |
Judicia DA | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 28,4 | 21,9 |
Driftsresultat | 18,0 | 12,2 |
Resultat før skatt | 18,1 | 12,3 |
Adviso Advokatfirma as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 24,7 | 19,9 |
Driftsresultat | 7,4 | 1,4 |
Resultat før skatt | 7,4 | 1,4 |
Publisert: 06.09.2021 09:00
Sist oppdatert: 06.09.2021 09:16