Tre gangar hoegare driftsinntekt paa eitt aar
AUKE: Dagleg leiar Harold Wieldraaijer og serviceteknikar Sten Johnsen i Vendanor. Selskapet gjekk frå seks til 17 millionar i driftsinntekter i år.
Nytt

Tre gangar høgare driftsinntekt på eitt år

Stryn-bedrifta Vendanor får tre gangar større driftsinntekter i år enn i fjor. Søkjer etter folk.

20.12.2016
Vendanor har utvikla ein automat der du kan levere din tomme propangassgrill-behaldar, og hente ein ny og full.
I fjor selde selskapet for seks millionar kroner og gjekk med ein million i minus. På hausten 2015 og inn i 2016 var det permitteringar, men etterpå har det vore full fart.
I år ligg Vendanor an til å nå 17 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat i balanse.

Treng meir folk

No er dagleg leiar Harold Wieldraaijer på jakt etter fleire folk. Han treng både IT-kompetanse, automasjonskompetansen og større kapasitet i administrasjonen. I dag sysselset bedrifta sju personar, etter tilsettingsrunden skal dei vere ti.
Den første prototypen til Vendanor var klar i 2014, men første heile driftsår var i 2015.
Veksten i år heng i stor grad saman med to større avtalar, ei med den danske gassleverandøren Kosan Gas og ei med gassleverandøren AGA.
Kosan-avtalen opna den danske marknaden, og avtalen med AGA gjeld i første omgang heile Norden.

Utvidar marknaden

Så langt har Vendanor levert 116 anlegg, først og fremst i Noreg, men og i Danmark.
Neste år reknar Wieldraaijer med å selje anlegg også i Sverige og Finland.
- 10-20 i året i kvart land neste år, seier han.

Industrimiljø

Vendanor er eit del av eit industrimiljø som omfattar fleire bedrifter i Stryn, der eigarskapen delvis overlappar kvarandre.
Største eigar er den mekaniske industribedrifta Nomek, som og er ein av underleverandørane til Vendanor.

Publisert: 20.12.2016 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 15:01

Mer om