NETTNO/NPK: Arbeidsfellesskapet Skanska Norge as og Vassbakk & Stol as (Noreg), AF Gruppen Norge as (Noreg) og Eiffage Génie Civil (Frankrike) slapp tidlegare i år gjennom nålauget for å bli med vidare i konkurransen om å få bygge Stad Skipstunnel.
No alle tre levert inn tilbod, fortel Kystverket på si nettside.
– Av konkurransemessige omsyn kan vi ikkje gå ut med detaljar om pris eller anna sensitiv informasjon. Innkomne tilbod vil no bli vurdert i høve dei reglar, krav og kriterium som gjeld for anbodskonkurransen. Vi må kome tilbake til den vidare handteringa av anbodskonkurransen når denne vurderinga ligg føre, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Pris avgjer framdrift
Prisane som kjem inn vil vere avgjerande for den vidare framdrifta for prosjektet. Dersom dei overstig den vedtekne kostnadsramma, må ei ny ramme godkjennast av Stortinget. Om dei held seg innanfor, treng prosjektet berre oppstartsløyving i statsbudsjettet for å kunne starte bygginga.
Tunnelen skal etter planen byggjast der Stad-halvøya er på det smalaste, mellom Moldefjorden og Kjødepollen, i Vanylvsfjorden.
Trekte seg
I tillegg til de tre som er med vidare i konkurransen vart også samarbeidsgrupperinga Acciona Construction S.A (Spania) og Bertelsen og Garpestad kvalifisert til å gå vidare.
Men den grupperinga trekte seg i mars i år.
Det var denne grupperinga entreprenørselskapet Aurstad Tunnel i Ørsta hadde ein samarbeidsavtale med.
– Vi hadde ein plan i lag med dei. Og når dei no har trekt seg er ikkje den planen der lenger, sa dagleg leiar Jo Stian Tverberg i Aurstad Tunnel etter at samarbeidspartnarane hadde trekt seg.
Publisert: 12.06.2025 10:31
Sist oppdatert: 12.06.2025 10:31






