Tredje varmepumpekonkurs paa rad
STOPP: Vestenergi Distribusjon på Nordfjordeid selde og monterte varmepumper for 30 millionar kroner i 2013. No er det kroken på døra.
Nytt

Tredje varmepumpekonkurs på rad

Sidan 2011 har tre varmepumpeselskap med Tom Andre Barmen på Nordfjordeid som medeigar gått overende. No startar han på ny.

21.03.2014
Vestenergi Distribusjon på Nordfjordeid .
-Årsaka er at vi tapte mykje pengar på konkursen i dotterselskapet Bergen Varme, seier Tom Andre Barmen.
Dessutan enda 2013 under budsjett, trass i ein kraftig auke i salet i høve til 2013 - til 30 millionar kroner.
-Det var ein veldig dårleg sesong for varmepumper i 2013, seier Barmen.

Seks millionar i gjeld

Bustyrar Thore Heggen seier selskapet, i følgje opplysningar ved konkursopning, hadde ei gjeld på rundt seks millionar kroner og verdiar på 807.000 kroner.
Vestenergi Distribusjon selde og montere varmepumper frå fleire produsentar. Selskapet har hovudkontor på Nordfjordeid og hadde - - monteringsavdelingar i Bergen, Stavanger, Ålesund, Nordfjordeid, Ørsta/Volda, Tromsø, Skien/Porsgrunn, Oslo og Kristiansand.

17 tilsette

I følgje Tom Andre Barmen hadde selskapet 17 tilsette ved konkursen.
Bustyrar Heggen har førebels ikke full oversikt, men seier det ved konkursopning er opplyst at 19 personar kan ha krav på løn eller feriepengar frå selskapet.
Barmen eig 78,57 prosent av aksjane i Vestenergi Distribusjon. Han er og styreleiar, i følgje Bizweb.

Fleire konkursar

19. april 2013 vart Bergen vart det opna konkurs i varmepumpeselskapet Bergen Varme as, eit selskap der Vestenergi Distribusjon eigde 65 prosent av aksjane. Det er denne konkursen Barmen meiner var med og velte Vestenergi Distribusjon.
I juli 2011 gjekk Varme Sør as i Ørsta konkurs. Her eigde Barmen 60 prosent av aksjane, og var styreleiar.

Nytt selskap

11. november 2013 vart selskapet Vestenergi as skipa, med adresse Nordfjordeid. Tom Andre Barmen er styreleiar og eigar.
Det nye selskapet starta drifta 1. mars, og Barmen seier det skal drive sal og montering av varmepumper. Barmen seier selskapet tek over garanti- og serviceansvaret frå Vestenergi Distribusjon. Selskapet skal drive med få faste tilsette og innleigde montørar.
Trass i tre konkursar reknar han med å oppretthalde tilliten hos kundane.
- I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar, seier Barmen.
Dei siste tilgjenglege reknskapstala for Vestenergi Distribusjon er frå 2012. Då hadde selskapet 16 millionar kroner i driftsinntekter og fekk eit underskot før skatt på 45.000 kroner.
I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar

Publisert: 21.03.2014 18:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31