Stig Jacobsen Hassan Birdahic tv og Bjrøn Olsen bak
OPPTUR FRÅ 2017: Stig Jacobsen (i forgrunnen) er eigar og dagleg leiar i Johs Jacobsen Kjøtt.
Nytt

Tredje år på rad med vekst

Opptur for Johs. Jacobsen Kjøtt.

09.06.2021

Etter fleire år med fallande driftsinntekter snudde det for kjøtforedlingsbedrifta Johs. Jacobsen Kjøtt i 2017.

Selskapet produserer både eigen kjøtvarer og er leverandør til andre kjøtindustribedrifter og sysselsette åtte årsverk i fjor.

I 2017 var driftsinntektene 30,3 millionar kroner og selskapet gjekk med underskot. I fjor var driftsinntektene 42,8 millionar kroner og resultatet før skatt 1,1 millionar kroner (sjå tabell).

Koronaeffekt i null
Då koronakrisa kom i mars i fjor gjekk det ut over etterspørselen frå restaurantane som Volda-bedrifta leverer til. Men samstudes steig etterspørselen frå daglegvarehandlen og andre kjøtforedlingsbedrifter.

Nettoeffekten av koronakrisa blei null, meiner dagleg leiar og eigar Stig Jacobsen. Veksten som kom i fjor hadde kome uansett, men vore sett saman på ein annan måte. I år ventar han at driftsinntektene blir omlag som i fjor.

Gradvis endring
Restaurrantmarkanden byrja å kome tilbake i slutten av mai, seier Jacobsen. Det gir meir å gjere,

Etterkvart som smitteverntiltaka blir oppheva reknar Jacobsen med at handleturar til Sverige tek seg opp att. Det slår i motsett retning for den norske kjøtbransjen.

Stengt grense mot Sverige er ein viktig årsak til at både daglegvarhandelen og den norske kjøtindustrien fekk meir å gjere då koronaepidemien kom. Når svenskehandelen tek seg opp kan de slå motsett veg, men Jacobsen trur ikkje på ein brå overgang. Først ut på nyåret 2022 reknar han med at koronaeffekten på handelen er heilt borte.

Johs. Jacobsen Kjøtt as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter42,837,9
Driftsresultat1,10,4
Resultat før skatt1,10,4

Publisert: 09.06.2021 09:00

Sist oppdatert: 09.06.2021 08:58