Korkje ladeløysingar eller ferjer er på plass for at konkurrentane Fjord 1 og Vestlandske kan frakte folk og bilar utsleppsfritt mellom Geiranger og Hellesylt i byrjinga av turistsesongen.
Dei to selskapa konkurrerer på fjorden med to ferjer kvar.
Krigsforseinking
Vestlandske har to ferjer under ombygging til batteridrift på verft i Baltikum, med planlagt overlevering i juni. Det er to-tre veker etter planen, fordi Iran-krigen gjer at batteria frå Kina blir frakta rundt Afrika i staden for den raskare ruta gjennom Suez-kanalen.
Det fortel dagleg leiar Øystein Meek i Vestlandske til Nett No.
Det er ferjene MF Hjørungavåg og MF Jotunheim som blir bygd om. Den første er bygd i 1990, den andre i 1978.
I og med at Fjord 1 har fått dispensasjon frå nullutslepps-kravet ut juni, reknar Meek med at også Vestlandske får ja på sin dispensasjonssøknad.
Mellombels mobilt ladeanlegg
Fordi nødvendig ladeanlegg og -kapasitet ikkje er på plass på Hellesylt, arbeider Vestlandske samstundes med ei løysing med eit mobilt ladeanlegg.
Der kan store batteri bli lada på ein stad med tilgang til straum, og køyrt til Hellesylt. Der kan dei bli brukt til å forsyne ferjene med straum, før dei blir køyrt tilbake og lada opp på nytt.
I Geiranger ligg ferjene an til å kunne lade frå eit landanlegg, men i verste fall er ei mellombels mobil løysing eit alternativ også der, ifølgje Meek.
Nei til vernestatus
Fjord 1 satsa på at dei gamle ferjene Bolsøy og Veøy skulle få vernestatus, og dermed kunne få unntak frå nullutslepsskravet, og trafikkere Geiranger-Hellesylt med dieseldrift som før
Det sa Sjøfartsdirektoratet nei til, men gav Fjord 1 dispensasjon frå nullutsleppskravet ut juni i år.
Deretter har Fjord 1 to alternativ: Å søkje om utvida dispensasjon, eller skaffe ferjer som kan innfri kravet.
Å skaffe slike ferjer innan juni er omme truleg uråd å få til. Det realistiske alternativet om Fjord 1 skal få med seg høgsesongen i år er å søkje om å få utvida dispensasjonen frå utsleppskravet.
Regionleiar Tor Kristoffersen seier Fjord 1 til Nett No at det ikkje er teke noko avgjerd enno, men at det er nærliggande å rekne med at det blir søkt om utvida dispensasjon.
Utsette utsleppskrav for cruise-skip
Medan store cruiseskip framleis kan segle inn til Geiranger på diesel, må ferjer og liknande fartøy vere utsleppsfrie frå og med 2026.
Opphavleg skulle alle skip som ville inn til Geiranger, vere CO2-utsleppsfrie frå og med 2026.
I august 2024 utsette Støre-regjeringa kravet om utsleppsfri seglas til 2032 for større cruiseskip.
Det fekk mellom andre Havila Kystruten-sjef Bent Martini til å reagere, medan Støre forsvarte vedtaket av omsyn til cruisenæringa.
Publisert: 08.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 07.04.2026 19:04






