Treng fleire folk
Hans Inge Solheim i Normatic skal ha 10 fleire tilsette i år for å ta unna alle oppdraga.
Nordfjordeid-selskapet utviklar, byggjer, installerer og set i drift komplette system for styring, regulering og overvaking av ulike typer tekniske anlegg.
I fjor sette Normatic inntektsrekord for andre år på rad, og har til tider så stor etterspørsel at det må seie nei til oppdrag seier dagleg leiar og medeigar Hans Inge Solheim.
Normatic har mellom anna ei stor kontrakt med selskapet Engebø Rutile And Garnet. Det er eit datterselskap av Nordic Mining, som skal drive mineralutvinning i Naustdal ved Førde. Kontrakten går over fleire år, men aktiviteten knytt til kontrakten er størst dette året.
Auke
Normatic ligg an til ny inntektsvekst i år.
I fjor auka Solheim arbeidsstokken med 10-15 personar og skal auke med 10 til i år. Får Solheim tak i kvalifiserte folk til å fylle dei nye stillingane vil Normatic ha omlag 80 tilsette når året er omme.
I dag har omlag 40 tilsette Nordfjordeid som arbeidsplass og 15 ingeniørar arbeider på kontoret i Førde. Selskapet er fleksible med omsyn til arbeidsstad og kvar dei nye tilsette skal arbeid frå kjem an på kven som søkjer, ifølgje Solheim,
Aukar lønsemda
- Vi hadde eit greit år i fjor seier Solheim om 2023-tala.
Selskapet auka både inntekt og lønsemd frå 2022 til 2023 og Solheim seier selskapet greier å auke lønsemda i alle fall i takt med lønsemda også i år.
Hans Inge Solheim og salsleiar Einar Løken eig 23,25 prosent kvar av Normatic, gjennom eigne investeringsselskap.
Marknadssjef Tom Andre Skjerven eig 15,215 prosent. Det gjer også it-leiar Per Atle Hjelmeland. Dei øvrige aksjonærane, Robin Melheim, Kjell Arvid Myklebust og Rolf Johnny Vinda arbeider og i selskapet.
Normatic As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 161,2 | 128,6 |
Driftsresultat | 29,3 | 13,8 |
Resultat før skatt | 30,0 | 14,1 |
Publisert: 07.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 07.06.2024 07:47