Eigedomssatsing til halv milliard på Nordfjordeid
Normatic-eigarane opnar for investorar. Skal bygge ut både for industri, utdanning, bustad og kontor.
Ved sjøkanten like ved sentrum på Nordfjordeid eig Normatic Eigedom 16 mål tomt som i dag livnærer kratt og gras.
Ferdig utbygd er det snakk om ei utbygging på rundt ein halv milliard kroner, anslår dagleg leiar Hans Inge Solheim i Normatic Eigedom.
Det første som skal byggast er eit nytt bygg til elektro- og automasjonselskapet Normatic, som har same eigarar som eigedomsselskapet Normatic Eigedom. Selskapet veks og treng meir plass (sjå tabell).
- Det skal bli eit attraktivt område og miljø, som både dreg til seg bedrifter og tilsette
Målet er å vere ferdig med Normatic-bygget og første byggesteg i det som blir kalla Campus Nordfjord i 2023. Campus Nordfjordbygget skal ha plass til selskap som driv med beslekta verksemd til Normatic, til etterutdanningstilbodet for fagarbeidarar og ingeniørar som er under utvikling på Nordfjordeid og til utvikle elektroklynga som er der.
- Det skal bli eit attraktivt område og miljø, som både dreg til seg bedrifter og tilsette, seier Solheim.
Fleire investorar
Normatic-bygget skal Normatic Eigedom sjølv finansierer og eige, men for resten av utbygginga seier Solheim at selskapet er ope for å få med investorar der Normatic Eigedom kan vere medeigar.
Når heile området er bygd ut blir det også bustader med sjøutsikt og plass til det nye Statens Hus mot riksvegen til Måløy.
Der skal tilsette i ulike statlege verksemder som har vald Nordfjordeid i staden for Oslo som arbeidsplass få ein felles kontorplass.
Vekst
Normatic auka driftsinntektene frå 101 millionar kroner i 2019 til 122 i år.
Selskapet utviklar, byggjer, installerer og set i drift komplette system for styring, regulering og overvaking av ulike typer tekniske anlegg. Mellom anna er selskapet av dei leiande bedriftene i Norge innanfor styring, regulering og overvaking av vatn- og avløpsprosessar og tekniske installasjonar i større bygg.
Solheim er dagleg leiar også i Normatic, og ventar vidare vekst.
- Vi ønskjer at mest mogleg av veksten vi no står framfor i Normatic kan skje her på Nordfjordeid, og at det samtidig kan legge grunnlag for eit endå sterkare samla elektro-, automasjons og teknologimiljø i Nordfjord. Då er det viktig at vi kan ha eit attraktivt og innovativt miljø som omfattar meir enn vårt eige selskap. Vi vil også ha eit stadig større behov for utvikling og testing av ulike tekniske løysingar – i samspel med andre bedrifter, fagskule, høgskule/universitet og FoU-miljø. Dette er ei viktig årsak til at Normatic engasjerer seg sterkt i INVIRO - Nordfjord Virtuelle Campus, som allereie har fått på plass finansiering til større investeringar i laboratorium med testfasilitetar og oppbygging av desentraliserte utdanningstilbod i samarbeid med fagskule- og høgskulesektoren, seier Solheim i pressemeldinga i samband med eigedomsinvesteringa.
Normatic as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 121,9 | 100,6 |
Driftsresultat | 20,3 | 14,3 |
Resultat før skatt | 20,3 | 14,4 |
Publisert: 05.07.2021 16:11
Sist oppdatert: 05.07.2021 17:41