Elbil
LADING: Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB / NPK
Nytt

Treng fleire tusen nye ladestasjonar

Spår to millionar lette elkøyretøy i 2030. Det gir ladeutfordringar.

NPK
02.03.2022

Det er venta 2 millionar lette elkøyretøy på norske vegar i 2030, viser eit nytt kunnskapsgrunnlag. Det skapar behov for fleire tusen nye hurtigladarar.

1. mars blei kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med ein nasjonal ladestrategi overlevert frå Statens vegvesen og Miljødirektoratet til Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet, skriv departementa i ei pressemelding.

Enormt behov
I kunnskapsgrunnlaget står det blant anna kor mange elektriske køyretøy det er venta å vere på norske vegar i 2030 og det framtidige behovet for hurtigladeinfrastruktur.

Om måla for sal av nullutsleppskøyretøy blir nådde, vurderer fagetatane at det i 2030 vil vere rundt 2 millionar lette elkøyretøy (person- og varebilar) på norske vegar.

I dag er det 470.000. I tillegg vil det vere rundt 2000 elektriske langdistansebussar og 23.000 ellastebilar.

4000 ladarar i dag
Kunnskapsgrunnlaget vurderer behovet for hurtigladarar i 2030 til å vere på rundt 11.000 til lette køyretøy og 1500–2000 til tungekøyretøy.

I dag er det om lag 4000 hurtigladarar for lette køyretøy, men ingen etablerte hurtigladarar for tyngre køyretøy.

Publisert: 02.03.2022 16:55

Sist oppdatert: 02.03.2022 15:18

Mer om