Christian Granlund konserndir supply chaing tine Eskil Tollas Breivik sjef Tine Orsta foto Ogne
NEDLEGGING: Forsyningskjede-konserndirektør Christian Granlund (t.v.) og leiar for Tine-meieriet i Ørsta orienterte dei tilsette om nedleggingsvedtaket i formiddag. Meieriet i Ørsta sysselset 50 årsverk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Treng å halde på dei tilsette

Med nedlegging innan tre til sju år blir utfordringa for Tine-konsernet å halde på dei tilsette i Ørsta og Tresfjord.

30.01.2025

-Akkurat det er ein krevande øvelse, seier leiar for Tine sitt anlegg i Ørsta, Eskil Tollås Breivik, om korleis selskapet skal greie å halde på sine tilsette fram til anlegget skal leggast ned.

Planen er å gradvis fordele og flytte dagens produksjon til tre andre anlegg, Byrkjelo, Verdal og Storsteinnes, og bygge opp produksjonskapasitet og kunnskap om produksjonen der, før flytting.

Inntil det skjer treng Tine folk for å drive anlegget i Ørsta. Det gjeld å finne dei rette incentiva for å få folk til å bli, og arbeidet med det startar allereie neste veke, ifølgje Breivik og forsyningskjede-konserndirektør  Christian Granlund i Tine-konsernet.

I dag formiddag var det dei som presentere vedtaket om nedlegging av anlegget for dei tilsette på anlegget i Ørsta. I underkant av 60 personar har arbeidplassen sin her, fordelt på 50 årsverk.

Lizz Trine Hegdal Amoroso NNN Hovudtillitsvald Tine Orsta foto Ogne
TRIST DAG: Dei tilsette visste Ørsta-meieriet var i faresona, men håpte fra til i formiddag på det beste, fortel hovudtillitsvald Lizz Trine Hegdal Amoroso Foto: Ogne Øyehaug

Kan bli med
Granlund seier selskapet dessverre har erfaring med slike nedleggingsprosessar, og har fleire tiltak i verkstøykassa for å hjelpe tilsette i slike situasjonar. 

I den grad det er behov for det vil tilsette i meieria som blir lagt ned få tilbod om arbeid i anlegga produksjonen blir flytta til. 

Budd på det verste
Dei tilsette visste Tine-konsernet vurderte anleggstrukturen, og at Ørsta-meieriet si framtid var uviss, men det var først i dag det kom ei avklaring.

-Vi håpa på det beste, og var førebudde på det verste, seier hovudtillitsvald i Norsk Nytelses- og Næringsmiddelarbeiderforbund, Lizz Trine Hegdal Amoroso etter orienteringa på allmøtet i dag.

Ho har arbeidd på meieriet i Ørsta i 23 år. Ho vil ikkje spå noko om korleis dei tilsette vil vurdere om dei vil starte å leite etter anna arbeide, eller om dei vil bli.

-Korleis ein skal få folk til å bli, det veit eg ikkje. Det må heller bedrifta få svare på. Det er den som har sett oss i denne situasjonen, seier Hegdal Amoroso.

Publisert: 30.01.2025 12:24

Sist oppdatert: 30.01.2025 12:45