Golden Energy Offshore Mangagement har i løpet av kort tid seld tre av sine plattformforsyningskip som ein del av ei refinansiering av selskapet.
Refinansieringa starta på slutten av fjoråret. Den var naudsynt mellom anna for å kunne betale uteståande krav og omfatta både tilførsel av ny eigenkapital og ein avtale å å selje skip.
Tala per 4. kvartal som selskapet la fram i dag, fortel om eit tøft siste kvartal.
"Fjerde kvartal 2025 markerte ein av dei mest krevjande periodane offshore supply-marknaden (PSV) har opplevd på meir enn eit tiår, med kraftige reduksjonar i aktivitet, ein overtilbodssituasjon i flåten og ein rask kollaps i dagratar. Flåteutnyttinga fall til 58 % i Q4 2025, og gjennomsnittlege dagratar gjekk ned til historisk låge nivå.", heiter det i kvartalsrapporten.
| Golden Energy Offshore Services ASA | ||
| Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 369,8 | 513,0 |
| Driftsresultat | -63,4 | 133,8 |
| Resultat før skatt | -194,7 | -97,2 |
| Golden Energy Offshore Services ASA | ||
| 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 45,1 | 173,1 |
| Driftsresultat | -83,1 | 75,6 |
| Resultat før skatt | -138,6 | -33,4 |
Publisert: 26.03.2026 09:16
Sist oppdatert: 26.03.2026 09:19






