Energy passion golden energy foto Golden energy offshore 11
HAR SELT TRE AV SJU SKIP: Ålesund-reiarlaget som i fjor sommar kjøpte fleire nye fartøy og satsa på gevinst frå oppturen med ein flåte på sju skip, har no berre fire att. Denne veka blei PSV-en Energy Passion selt. Foto: Golden Energy Offshore Services
Analyser

Oppturen kjem for seint for Ålesund-reiarlag

Satsa for å hauste gevinst på opptur. No er flåten nær halvert som følgje av forventingar som ikkje slo til.

Marius Rosbach
15.03.2026

Det er gode tider for mange av reiarlaga som leiger ut skip til oljeservice- og vindkraftindustrien. Og det blir truleg endå betre framover som følgje av Iran-krigen og bortfallet av olje og gass til verdsmarknaden. 

Det var spådommen frå analysesjef Erik Tønne som vitja Fosnavåg denne veka. Med stigande oljepris og større usikkerheit venta Tønne at situasjonen gir auka aktivitet i offshoremarknaden framover – og betre betaling for reiarane. 

Det kjem på toppen av at dei største subseaoperatørane har rekordhøge ordrebøker og færre skip til å gjere arbeidet. Samtidig har ratane for ankerhandteringsskip stige til nye høgder.

Oppturen kjem likevel for seint for eit reiarlag som Golden Energy Offshore Services. 

Denne veka kom nyheita om at Ålesund-selskapet sel sitt tredje skip, som gjer at flåten på sju skip skrumpa inn til fire fartøy i løpet av få månader.

Mykje så annleis ut for selskapet sommaren 2023. Då kunne Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll fortelje at dei hadde kjøpt fem båtar til ein god pris og at dette var starten på eit nytt offshoreeventyr på Sunnmøre. 

Det varte og rakk før oppturen kom. Noko av utfordringa for reiarlaget var at flåten i hovudsak bestod av PSV-ar – eller forsyningsskip – som har hatt den svakaste utviklinga av segmenta i bransjen. 

Våren 2024 forsvann partnarane i Oaktree Capital Management ut døra. Inn kom Blue Ocean Partners som ny eigar. Kring dette tidspunktet steig aksjen til over 37 kroner. 

Det er førebelse siste høgdepunkt for kursen til no og sidan har det gått nedover. Planen om å notere selskapet på hovudlista til Oslo børs det året, har ikkje vore omtala siden.

Eitt nytt år gjekk - og i fjor sommar fekk reiarlaget på plass ny finansiering via Neptune Maritime Leasing. Det var ein sal og leaseback-avtale for heile flåten på sju skip. 

Den skulle mellom anna føre til ein reduksjon på 50 prosent  av reiarlaget sine månadlege kapitalkostnader, og blei omtala reiarsjef Per Ivar Fagervoll som ein «game changer» for reiarlaget.

Med ein slik avtale bør selskapet tene nok til å kunne innfri den når avtaleperioden går ut, eller så bør verdien av skipa halde seg over summen skipa vart selde for. 

«Laber juli i offshoremarknaden» var tittelen på ein artikkel i Nett No få veker etterpå. Og spesielt labert hadde det vore for PSV-ar – som er skipstypen Golden Energy-reiarlaget satt på. 

Ein titt på ratane for forsyningsskip i spotmarknaden, viser at ting ikkje blei betre. Utover hausten fall dei gjennomsnittlege dagratane for PSV-ar i Nordsjøen frå drygt 150.000 kroner til om lag 100.000 kroner ved årsskiftet. 

Allereie i løpet av hausten kom det signal om at Golden Energy-reiarlaget hadde fått ein knekk i inntektene som følgje av svakare spotmarknad.  

Og på slutten av fjoråret måtte Golden Energy Offshore gå til aksjonærane og hente inn 320 millionar kroner for å betale gjeld og rekningar.

Då fortalde dei samtidig om planane for å selje minst to skip – som no er blitt til tre. 

Utviklinga i aksjekursen fortel kva investorane meiner om situasjonen. I dag ligg kursen for reiaraksjen kring 9 kroner – om lag 75 prosent lågare enn våren 2024. 

Knapt nokon kan kritisere reiarlaget for at dei ønska å satse – og hauste gevinst på ein opptur som dei fleste venta ville komme. I ettertid er det lett å sjå at risikoen var høg. 

Sidan årsskiftet har snittratane for PSV-skip i Nordsjøen gått opp. I den siste rapporten frå analytikarane i SSY Offshore frå slutten av februar har snittet gått opp frå ei betaling kring 100.000 kroner til nær 170.000 kroner for forsyningsskipa i regionen.

Den auken ville nok Golden Energy Offshore-leiinga ønske hadde kome før. 

Publisert: 15.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 13.03.2026 21:41

Mer om