Trippelbestilling fraa Soelvtrans
AVTALE: Tre brønnbåtar av denne typen skal Roger Halsebakk (t.v.) og Sølvtrans bygge hos verftsdirektør Halvard Aas i Vestnes. 
Nytt

Trippelbestilling frå Sølvtrans

Aas Mek Verksted hadde to i «lomma» frå før - men Roger Halsebakk og Sølvtrans vil bygge nok ein brønnbåt hos verftet.  

Marius Rosbach
04.02.2020
Vestnes-verftet opplyser i ei pressemelding tysdag at det har fått kontrakt på bygging av tre brønnbåtar av eige design til Sølvtrans-reiarlaget.
Allereie før jul fortalde brønnbåtreiar om avtalen på to av båtane. No i slutten av januar er det altså blitt nok ein båt, opplyser verftet.

330-350 mill. per båt

Prisen per båt er 330-350 millionar kroner, har Halsebakk opplyst tidlegare. Skroga blir bygd i utlandet og dei tre systerskipa skal vere klare til levering i løpet av 2022.
Aas Mek annonserte også før jul to nybyggingskontraktar med reiarlag nordpå.

Les også:


Viktig kontrakt

Aas Mek opplyser at kontraktane er viktige for posisjonen deira som et leiande verft for bygging av brønnbåtar.
Verftet som tidlegare har bygd ein rekke båtar for brønnbåtreiarlaget, opplyser at partane blei samde om dei to første kontraktane før jul i fjor, og den siste i slutten av januar.
Dei tre brønnbåtane Sølvtrans no har bestilt får ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter og ha plass til eit mannskap på 12 personar.

Topp utstyrt

Båtane er designa for ope og lukka transport med kjøling, dei er lågt djuptgåande for transport av smolt og får system for behandling av fisken med ferskvatn.
Lasterommet er fordelt på to fiskebrønnar, utstyrt med skyveskott. Båtane skal ha eit system for å trykklosse til anlegg på land, til sortering, avlusing og anna, utan bruk av vakuumpumpe for mest mogleg skånsam behandling av fisken.
Båtane er også designa med sokalla «shelterdekk» som gjer det tryggare for mannskapet å bevege seg over dekk. Det gir også meir plass til spesialutstyr under dekk.
Les også:

Publisert: 04.02.2020 09:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51