Trollstigen blir stengt ut året
Trollstigen-vegen blir halden stengt ut året, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.
NPK-NTB: Rundt ein million turistar besøkjer vegen årleg og vegstrekninga er eitt av Noregs mest besøkte reisemål.
Med vegen stengt er det heller ikkje råd for turistar å reise strekninga mellom Åndalsnes og Valldal.
Fylkeskommune meiner det er uforsvarleg å opne opp vegen utan tiltak.
Det er berre sjølve Trollstigen som vil vere stengt. Trollstigplatået vil vere tilgjengeleg frå Valldal-sida, skriv fylkeskommunen.
Den kjende turistvegen i Rauma vart opna for sesongen i byrjinga av juni etter grundige risikovurderingar, men berre ti dagar etter opninga rasa steinar ned og ein bil vart treft måndag denne veka.
For stor risiko
Etter hendinga på måndag har både Møre og Romsdal fylkeskommune som eigar av vegen og entreprenør Veidekke AS gått gjennom risikoanalysane sine, og vurdert fleire tiltak.
«Konklusjonen er at risikoen for å bli truffen av stein er for stor til at vegen kan opnast før det er gjort tilstrekkelege tiltak i fjellet», skriv fylkeskommunen på nettsidene sine.
– Vi har vurdert ei rekke tiltak for å sikre vegen på kort sikt, men vi kjem ikkje unna at det mest effektive og realistiske alternativet er at vi må opp i fjellet for å reinske opp. Dette vil også gi oversikt over omfanget av det vidare fjellsikringsarbeidet. Vi må starte med dei felta i Kjelstadlinja som reduserer risikoen mest. Om vi får finansiert strakstiltak er målet å få til ei opning neste år, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Det er berre små marginar som gjer at det ikkje har gått skikkeleg gale. Vi kan ikkje vere i ein situasjon der vi går og ventar på ei dødsulykke, understrekar Tønnesen.
Bad om hastemøte
Fylkeskommunen har tidlegare bede om eit hastemøte med samferdselsministeren og næringsministeren om Trollstigen, men samferdselsdepartementet har påpeika at dette er ein fylkeskommunal veg, og at Møre og Romsdal i år får 127 millionar kroner til rassikring.
Publisert: 20.06.2024 15:56
Sist oppdatert: 20.06.2024 15:56