NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo: – Dersom vi ikkje har avtalar per 1. januar, vil vi ikkje opne Noregs økonomiske sone for fiske med fartøy frå EU og Storbritannia, sa fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i Stortinget fredag.
– Vi kan heller ikkje forvente at norske fartøy vil få tilgjenge til sonene deira, før det finst avtalar, konstaterte statsråden.
Han orienterte òg om bakteppet for bodskapen.
– Forhandlingane med EU og Storbritannia om fiskeriavtalar for 2021 er sterkt forseinka, på grunn av forseinkingane i brexit-forhandlingane mellom dei to og plassen til fiskeria i desse. Dette inneber at det ikkje er gitt at forhandlingane er ferdige før årsskiftet.
– Noreg har i lengre tid teke til orde for å komme i gang med arbeidet med ein trilateral avtale. Frå vår side er det ønskjeleg at dette skal komme i gang så snart situasjonen mellom EU og Storbritannia er avtalt.
Noreg har i over 40 år hatt eit fiskerisamarbeid med EU. Samarbeidet inneber mellom anna at norske fiskarar har kunna fiske i EUs farvatn, og omvendt.
For å ta vare på samarbeidet med EU er partane samde om å innleie forhandlingar neste år om ein ny avtale som skal erstatte den 40 år gamle semja.
Det norske fiskerisamarbeidet med britane blir fastlagt i årlege, separate avtalar.
– Som ein av dei næraste naboane våre er det viktig at vi etablerer eit godt og nært samarbeid med Storbritannia, seier statsråden.
– Samarbeidsklimaet i forhandlingsperioden har, trass i digitale forhandlingar og korona, vore ope, positivt og godt og prega av vilje til å komme til semje.
– Vi kan heller ikkje forvente at norske fartøy vil få tilgjenge til sonene deira, før det finst avtalar, konstaterte statsråden.
Han orienterte òg om bakteppet for bodskapen.
– Forhandlingane med EU og Storbritannia om fiskeriavtalar for 2021 er sterkt forseinka, på grunn av forseinkingane i brexit-forhandlingane mellom dei to og plassen til fiskeria i desse. Dette inneber at det ikkje er gitt at forhandlingane er ferdige før årsskiftet.
Ønskjer trepartssamtalar
Ingebrigtsen understreka at ein frå norsk side ønskjer å få i gang forhandlingar mellom Noreg, Storbritannia og EU.– Noreg har i lengre tid teke til orde for å komme i gang med arbeidet med ein trilateral avtale. Frå vår side er det ønskjeleg at dette skal komme i gang så snart situasjonen mellom EU og Storbritannia er avtalt.
Noreg har i over 40 år hatt eit fiskerisamarbeid med EU. Samarbeidet inneber mellom anna at norske fiskarar har kunna fiske i EUs farvatn, og omvendt.
For å ta vare på samarbeidet med EU er partane samde om å innleie forhandlingar neste år om ein ny avtale som skal erstatte den 40 år gamle semja.
Sjølvstendig fiskerinasjon
Ingebrigtsen viste i Stortinget til at Storbritannia blir ein viktig, sjølvstendig fiskerinasjon etter at overgangsperioden med EU går ut 31. desember. Frå nyttår vil landet kunne opptre som ein sjølvstendig kyststat.Det norske fiskerisamarbeidet med britane blir fastlagt i årlege, separate avtalar.
– Som ein av dei næraste naboane våre er det viktig at vi etablerer eit godt og nært samarbeid med Storbritannia, seier statsråden.
– Samarbeidsklimaet i forhandlingsperioden har, trass i digitale forhandlingar og korona, vore ope, positivt og godt og prega av vilje til å komme til semje.
Publisert: 11.12.2020 12:54
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:31