Det var det sveitsiske selskapet Allseas som hadde leigd inn dei elleve norske skipa for å bistå under legging av den 1.224 kilometer lange rørleidninga for transport av russisk naturgass gjennom Østersjøen.
No opplyser Allseas på si heimeside at selskapet har etter at Trump varsla sanksjonar mot selskap som er involvert i storprosjektet .
Alle skipa var innleigde av Allseas, som på sin side hadde fått oppdraget av russiske Gazprom.
Ifølgje Marinetraffic ligg dei norske skipa no ved byen Sassnitz i nordaust-Tyskland, like ved den polske grensa.
Prosjektet er kostnadsekna til elleve millardar USD og vil forsyne Tyskland med russisk naturgass.
Sanksjonane vil gi USA løyve til å inndra visa og blokkere eigedeler til desse personane. Dei personane som vert utpeika av USA har deretter 30 dagar til å avslutte aktivitetane i tilknytning til gassprosjektet.
Ifølgje DW.som skal ei gruppe av aktørar framskunda ein del arbeid for å redusere skadane av sanksjonane.
Ifølgje heimesida til Nord Stream 2 er meir enn to tredjedeler av arbeidet sluttført.
Den tyske forbundskanslaren Angela Merkel har fordømt sanksjonane, og ber USA om å ikkje blande seg inn i europeisk energipolitikk.
Finansminister Olaf Scholz har karakterisert sanksjonane som eit alvorleg inngrep i indre tyske og andre europeiske forhold.
Presstalskvinne Maria Zakharova skuldar på si side USA for å fremme ein ideologi som hindrar global handel, og har lagt ut følgjande på sin Facebook-side: "Snart vil dei kreve at vi sluttar å puste".
Bak Nord Stream 2 står eit konsortium av fem selskap som i 2005 starta samarbeidet for å leggje og operere den 1.224 kilometer lange rørleidninga gjennom Østersjøen.
Konsortiumet er etablert i sveitsiske Zug og består av russiske Gazprom, dei tyske selskapa Wintershall og Peg Infrastruktur, nederlandske Nerlendse Gasunie og franske Engie.
No opplyser Allseas på si heimeside at selskapet har etter at Trump varsla sanksjonar mot selskap som er involvert i storprosjektet .
To Bourbon-skip
Dei elleve norske skipa det gjeld er Bourbon Sapphire, Bourbon Topaz, Normand Flipper, Normand Springer, Normand Supra, Sartor, Sea Spear, Solvik Supplier, Standard Princess og Standard Supplier.Alle skipa var innleigde av Allseas, som på sin side hadde fått oppdraget av russiske Gazprom.
Ifølgje Marinetraffic ligg dei norske skipa no ved byen Sassnitz i nordaust-Tyskland, like ved den polske grensa.
Prosjektet er kostnadsekna til elleve millardar USD og vil forsyne Tyskland med russisk naturgass.
Vil identifisere aktørar
Ifølgje skal Trump-administrasjonen innan 60 dagar identifisere selskap og personar som er involverte i prosjektet, før sanksjonane vert iverksette.Sanksjonane vil gi USA løyve til å inndra visa og blokkere eigedeler til desse personane. Dei personane som vert utpeika av USA har deretter 30 dagar til å avslutte aktivitetane i tilknytning til gassprosjektet.
Ifølgje DW.som skal ei gruppe av aktørar framskunda ein del arbeid for å redusere skadane av sanksjonane.
Ifølgje heimesida til Nord Stream 2 er meir enn to tredjedeler av arbeidet sluttført.
Redd for svekka Tyskland-tilknytning
Ifølgje Trump-administrasjonen representerer gassleidninga eit reiskap for samarbeid og politiske leveransar som Moska kan bruke mot Berlin og dermed representere ein stor fare for å svekke tilknytninga USA har til Tyskland og andre europeiske allierte.Den tyske forbundskanslaren Angela Merkel har fordømt sanksjonane, og ber USA om å ikkje blande seg inn i europeisk energipolitikk.
Finansminister Olaf Scholz har karakterisert sanksjonane som eit alvorleg inngrep i indre tyske og andre europeiske forhold.
Putin trugar med mottiltak
DW.com opplyser at den russiske presidenten Vladimir Putin har lova å halde fram med prosjektet og truga med mottiltak mot USA.Presstalskvinne Maria Zakharova skuldar på si side USA for å fremme ein ideologi som hindrar global handel, og har lagt ut følgjande på sin Facebook-side: "Snart vil dei kreve at vi sluttar å puste".
Bak Nord Stream 2 står eit konsortium av fem selskap som i 2005 starta samarbeidet for å leggje og operere den 1.224 kilometer lange rørleidninga gjennom Østersjøen.
Konsortiumet er etablert i sveitsiske Zug og består av russiske Gazprom, dei tyske selskapa Wintershall og Peg Infrastruktur, nederlandske Nerlendse Gasunie og franske Engie.
Publisert: 22.12.2019 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






