Trur landanlegg vil vere fruktbart for heile lakseklynga
RINGVERKNADER: Glen Bradley er viseadministrerande direktør i Rostein og styremedlem i Salmon Evolution. Han trur oppdrettsanlegget på kan gi ringverknader for laksenæringa på Nordvestlandet. <i>S</i>jølvsagt ventar dei også at investeringa vil være lønsam.
Nytt

Trur landanlegg vil vere fruktbart for heile lakseklynga

Glen Bradley i Rostein forklarar kvifor dei investerer i noko så lite «brønnbåtvennleg» som landbasert oppdrett.

Marius Rosbach
22.05.2020

Denne veka blei byggestarten markert for oppdrettsanlegget til Salmon Evolution på Indre Harøy. Investorar frå Romsdal og Sunnmøre skal vere med å realisere det som ferdig utbygd blir eit av dei største landbaserte anlegga for lakseoppdrett i Europa.

To av dei sentrale investorane er eigarane av brønnbåtreiarlaga Rostein og Sølvtrans – som er arge konkurrentar i det å frakte fisk frå anlegg i sjøen til marknaden. Fleire vil nok stusse på kvifor nett dei vil satse på noko så lite «brønnbåtvennleg» som oppdrett på land.

– Lokalpatriotar
Glen Bradley som er viseadministrerande direktør i Rostein, fortel at ein må sjå litt bakover i historia for å forstå. No er det eit par år sidan Bradley ble kontakta av gründerane i Salmon Evolution med førespurnad om dei ville vere med på satsinga.

nettnohalf

– Det kan nok verke rart at vi ønska å investere i landbasert lakseproduksjon, men eigarane i Rostein er lokalpatriotar. Dei såg at lakseklynga i fylket kunne trenge nye prosjekt, og oppfatta at Salmon Evolution kunne vere eit selskap som kunne være stimulerande for heile klynga - også konvensjonell oppdrett, fortel han til NETT NO.

Rofisk som er morselskapet til brønnbåtreiarlaget Rostein, gjekk inn med nær halvparten av emisjonen på 50 millionar kroner i fjor. Etter den siste emisjonen er dei framleis fjerde største eigar (sjå oversikt under).

Saknar hovudkontor med tyngde
Bakteppet for Bradley sitt resonnement er at Nordvestlandet har tapt terreng i den viktige oppdrettsnæringa, ikkje minst etter at Pan Fish i Ålesund forsvann inn i dåverande Marine Harvest. Regionen har ei rekke verksemder innan oppdrett, og er base for oppdrettsselskap som Hofseth Aqua og Aqua Farms Vartdal.

Bradley, som sjølv har bakgrunn frå Pan Fish, meiner likevel det ville vore ein fordel for klynga om eitt eller fleire større oppdrettskonsern hadde sitt hovedkontor på Nordvestlandet.

– Lokalt eigarskap genererer noko ekstra for eit lokalmiljø, og vi har ein leiande og samansett lakseklynge med både forsking, leverandør- og eksportindustri, påpeiker han.

Paradoks om utviklingskonsesjonar
Manglande hovudkontor og eigarskap kan bety færre arbeidsplassar for eit distrikt. Samtidig kan det gjere at kontaktnett forsvinn og konsekvensen kan bli mindre nyskaping. Slike tankar låg også bak opprettinga av ei ressursgruppe for havbruk - i reg i av Næringsforeningen for Ålesundsregionen for nokre år sidan.

nettnohalf

Bradley meiner til dømes at det er eit paradoks at ingen selskap frå fylket fikk tildelt utviklingskonsesjonar til tross for den betydelege laksenæringa i regionen.

Herøy-selskapet Marad Norway har førebels fått nei på sin søknad og utgjør det siste håpet for fylket. Klagebehandlinga er ikkje avgjort enno, men Bradley – som sjølv er medeigar – kryssar framleis fingrane for at dei får grønt lys. Han trur det kan gi teknologiske synergiar mot landbaserte løysingar.

Mange såg på landanlegg som luftslott
Det har vore mykje diskusjon om kva framtid landbasert oppdrett eigentleg kan utgjere. Bradley påpeiker at det berre for få år sidan framleis var mange innan den tradisjonelle oppdrettsnæringa, som meinte oppdrett på land, var eit luftslott.

Sjølv konstituert Salmon Evolution-direktør Håkon André Berg nemnte i sin tale under markeringa av byggestarten, at han i starten stilte spørsmål ved bakkekontakten til gründerane.

nettnohalf

Glen Bradley meiner det vekte oppsikt at Rostein tidleg gjekk inn i prosjektet, og at det var med på å gi satsinga truverd.

– Vi merka at DNB og andre banker då begynte å få større interesse for landbasert oppdrett, seier han.

Bradley gjekk også inn i styret i Salmon Evolution då dei investerte i januar 2019.

– Vårt syn var at landbasert ville komme om ein vil eller ei, og at det var viktig at Norge ikkje sat stille og så dette forsvinne ut av landet, legg han til.

Sjølvsagt ventar dei også at investeringa vil være lønsam.

Analytikar: Fryktar ikkje oppdrett på land

Inviterte inn Halsebakk
Bradley ser at det kan verke pussig at morselskapa til Rofisk og Sølvtrans, som «konkurrerer så busta fyk» på brønnbåt, går saman om eit slikt prosjekt. Men då viser han til Idar Ulstein sitt utsegn om at dei i den maritime klynga samarbeider når dei kan, men konkurrerer når dei må.

– Difor gjorde vi Roger Halsebakk og Sølvtrans merksame på at dei var velkomne, og inviterte dei inn. Vi meiner at Halsebakk har vist stor interesse for utvikling i regionen og kunne bidra i prosjektet.

No er Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital største eigar, og direktøren i selskapet, Tore A. Tønseth, er styreleiar.

Tidlegare Optimar-eigarar inne
Også dei tidlegare Optimar-eigarane Peder Stette og Frode Kjølås var med på emisjonen i 2019. Begge deltok under seansen i samband med byggestarten tidlegare i veka.

nettnohalf


Dei har kjent fleire av gründerane i Salmon Evolution i ei årrekke, og fortel at dei kom inn i prosjektet via desse.

– Å vere med i oppstartsfasa av eit selskap er givande og spennande. No kjem det inn nye investorar og ressursar som ytterlegare vil bidra til å dra dette prosjektet vidare. Det er ein stor inspirasjon, seier Kjølås til NETT NO.

I perioden med stadig innhenting av ny kapital, er dei begge svært også aktive som medlemmar i styret.

– Vi har vore med på heile reisa i lakseoppdrett i sjøen, og no er det mykje utfordringar kring det. Vi kjenner gründerane i Salmon Evolution som skikkelege og flinke folk, og det er kjekt å kunne jobbe saman med dei med ein industri og ein teknologi som vi kjenner frå før, fortel Stette til NETT NO.

Les meir om satsinga: Har planar om fleire anlegg på land

Sette spaden i jorda for kjempeanlegg for oppdrett

Salmon Evolution ser mot børsen

Artec Aqua-sjefen om Salmon Evolution-jobben: – Det er verkeleg stort for oss

Aksjonærar i Salmon Evolution

Aksjonær

Eierandel

Ronja Capital AS

19,6 %

Romsdalsfisk AS

18,8 %

Farvatn Private Equity AS

14,0 %

Rofisk AS

12,6 %

Artec Holding AS

7,3 %

Kjølås Stansekniver AS

7,0 %

Stette Invest AS

7,0 %

Jakob Hatteland Holding AS

5,6 %

Terra Mare AS

2,2 %

Salmoserve AS

1,7 %

Ocean Supreme AS

1,4 %

Småge Eiendom AS

1,4 %

Flataker Eiendom AS

0,7 %

AKSA Holding AS

0,1 %

Ansatte

0,7 %

Sum

100,0 %


Eigarane i Rostein er lokalpatriotar. Dei såg at fylket trengde nye prosjekt for å stimulere den store lakseklynga

Publisert: 22.05.2020 10:58

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:32