Trur paa ratehopp etter daarleg start
OLYMPIC: Mars starta bra for Olympic Zeus, som har fått spotoppdrag med Conoco Phillips Norge for riggen R/M West Linus, med dagrater på 625.000 kroner.
Nytt

Trur på ratehopp etter dårleg start

Skadeskotne offshoreselskap set sin lit til kraftige ratehopp i vår- og sommarsesongen i Nordsjøen. Seabrokers ser lysning.

05.03.2020
I den siste utgåva av Seabreeze fastslår Seabrokers at spesielt for ankerhandterarar ser det betre ut for vår- og sommarsesongen i Nordsjøen, etter ein dårleg start på 2020.
Ein av grunnane til dette er at ei rekkje av ankerhandterarane som har halde til i Nordsjøen har fått lengre oppdrag andre stader.

- Tøff start

Men februar vart ein krevjande månad, ikkje minst på grunn av mykje dårleg vêr, noko som vanskeleggjorde flytting av riggar.
Blant anna vart fleire riggflyttingar kansellerte, også etter at det var inngått avtalar om innleige av skip til jobbane.
- Det har vore ein tøff start på året i spotmarknaden, både for dei som leiger og dei som eig, fastslår Seabrokers.

- Ikkje berekraftig

Snittratene hittil i år er dårlegare enn i 2019 for både ankerhandterarar og PSV-ar. Ratenedgangen ligg på rundt 30 prosent samanlikna med 2019.
Medan fleire av offshoreselskapa i sine kvartalsraportar fastslår at det over tid har vore teikn til forbetring på inntektsssida, fastslår DOF på si side at sjølv med forbetringar er dagens inntening ikkje berekraftig for ankerhandterarane.

Equinor leiger

Equinor har sikra seg åtte PSV-ar til vår- og sommarsesongen.
Selskapet har leigd inn skipa Havila Clipper, KL Brofjord, Seaborg, Stril Pioner, Torsborg, Troms Castor, Troms Pollux og Viking Queen for ein periode på åtte månader, med opsjon på ytterlegare to månader.
Havila Clipper, Stril Pioner og Viking Queen går rett over frå anna arbeid for Equinor.
Også Rem Offshore-skipet Rem Trader har sikra seg arbeid til ut i tredje kvartal med eit boreoppdrag vest for Shetland for Premier Oil.

Publisert: 05.03.2020 07:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53