Trur på hjelp frå EU og USA
Både EU sin plan for å bli mindre energiavhengig av Russland og ny lov i USA vil auke etterspørselen etter Hexagon Purus sine hydrogentankar og -system, trur selskapet.
Planen til EU omfattar mellom anna at det må til 27 milliardar Euro i investeringa for å bygge opp infrastruktur for bruk av hydrogen som energibærar fram til 2030.
For eit selskap som lagar tankar og -system for hydrogen som energibærer i skip, tog og bilar er slikt godt nytt. Hexagon Purus ventar at det blir eit "signifikant behov" for investeringar som vil gi oppdrag til selskapet.
I USA er det "Inflation Reduction Act", som gir forhåpningar. Den vart lagt fram tidlegare i sommar, og omfattar mellom anna subsidiering av tiltak for å få ned utslepp av CO2. Brenselceller, lagar elektrisk kraft frå energien som blir frigjort når hydrogen og oksygen smeltar saman.
Artikkelen blir oppdatert
900 millionar
Målet til Hexagon Purus er å nå 900 millionar kroner i driftsinntekter i år.
Selskapet er spunne ut av børsnoterte Hexagon Composites, som lagar drivstofftankar og -system for bruk av naturgass og biogass som energikjelde.
Hexagon Purus lagar tilsvarande for hydrogen.
Hexagon Purus vart børsnotert i desember 2020. Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Satsar på industri
For to-tre år sidan venta Hexagon Composites/Hexagon Purus at bruken av hydrogen først og fremst ville vekse innan transportsektoren.
No har selskapet endra syn, fortalde Holum på presentasjonen av delårsreknskapen i dag.
Det er i industrien bruken av hydrogen som energiberar vekst mest, og den marknaden som er den viktigaste no, etter Hexagon. Det betyr at selskapet også må lage store lagertankar for bruk av hydrogen på industrianlegg og ikkje berre tankar for skip, bussar og bilar.
Hexagon Purus ASA | ||
Pr. 1. halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 369,2 | 145,6 |
Driftsresultat | -250,1 | -148,7 |
Resultat før skatt | -242,9 | -169,1 |
Hexagon Purus ASA | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 210,1 | 94,1 |
Driftsresultat | -135,3 | -78,3 |
Resultat før skatt | -123,4 | -64,7 |
Publisert: 09.08.2022 08:28
Sist oppdatert: 09.08.2022 08:43