Lanserer ny løysing for Fosnavåg hamn
Skal utgreie dumping av masser i Holmefjorden.
- Vi skal få dette til. No trur eg vi nærmar oss ei god løysing.
Det seier kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy kommune.
Kommunen har ein forskotteringsavtale på 108,5 millionar kroner med staten for utdjuping og miljøopprydding av Fosnavåg hamn. Hittil har det vore eit krav om at massa skal brukast til nytt næringsareal på land. No er ikkje lenger dette eit krav.
- Vi ser no på om massa kan dumpast i Holmefjorden (rett utanfor Fosnavåg, red merk). Vi har kopla på Runde miljøsenter for å utgreie dette alternativet, seier Aglen.
Tverrpolitisk samarbeid
Kommunen har tidlegare sett på ei rekke lokalitetar på land, men dei har vorte forkasta i tur og orden.
- Vi er leie av å utgreie ulike alternativ, som deretter vert forkasta. Difor er det no sett saman ei tverrpolitisk gruppe som skal sjå på ulike gode deponeringsløysingar.
- Det er viktig at vi no landar dette prosjektet fort, slik at vi får utdjupa hamna og rydda opp. Det trengst, seier Aglen.
Dersom vi og andre bedrifter skal eksistere her om ti år, må hamna utdjupast
Avgjerande utdjuping
Under eit møte med fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen onsdag sa dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic at utdjupinga av hamna var eit vere eller ikkje vere for bedrifta.
- Dersom vi og andre bedrifter skal eksistere her om ti år, må hamna utdjupast. Det er realiteten, sa Aasen.
Trond Arne Aglen var samd.
- Det er ingen tvil om at dette må gjerast, og vi skal finne ei løysing.
Publisert: 14.07.2021 15:37
Sist oppdatert: 13.02.2023 21:04