Trur paa tidobling av norsk havvindeksport
SINTEF: John Olav Tande meiner at offshore vind vert like stort som landvind, og at Norge har store sjansar å vere leiande på ei rekkje område.
Nytt

Trur på tidobling av norsk havvindeksport

Sjefsforskaren i Sintef Energi meiner at Norge kan levere for 50 milliardar kroner til offshore havvind innan 2030.

30.09.2019
- Men det føreset at vi gjer det rette framover.
Det sa John Olav Tande i Sintef Energi under Kraft i Vest-konferansen på Sandane.
Det rette er ifølgje Tande å satse på utdanning, forsking og innovasjon.
- Vi må rett og slett vere flinkast, og etter mitt syn har vi alle mulegheiter for å lukkast.
Sjefsforskaren trekte fram bygging av understell, installasjon og utvikling av nye materialar.
- I tillegg har vi gode føresetnader når det gjeld bygging av nettløysingar, ved samkøyring mellom norsk vasskraft og offshore vind og ikkje minst systemintegrasjon.

Vind vinn

Han meinte også at Norge burde ha som mål å vere den leiande aktøren innan digitalisering, drift, vedlikehald, styring og kontroll av dei ulike offshore vind-anlegga.
Gjer vi dette rett, får vi ein ‘vind vinn-situasjon’der vi får nye arbeidspklassar, vi hjelper klimaet og Norge vil tene pengar,
Norge leverte for 5,4 milliardar kroner til den globale havvindmarknaden i 2017. Sintef meiner at andelen kan kome opp i 50 milliardar kroner innan 2030.

Prisreduksjon

Tande såg for seg ein enorm vekst globalt.
- Havvind er i dag som landvind var i 2000. Vi trur havvind kan verte like stort som landvind, og vil utgjere ein vesentleg del av dei berekraftige energisystema i framtida.
Sjølv om havvind i dag er langt dyrare enn landvind, meinte han at det var muleg å kome ned på ein pris på 40-60 øre/kWh i 2030.
Han sa at Norge ikkje var tidleg nok på bana då det vart satsa på storskalaproduksjon av vindturbinar, og åtvara mot å vere for seine med å satse på dei andre områda som havvind består av.

Leiande forskingsmiljø

Han meinte at Norge var godt posisjonert.
- Vi har i dag verdas leiande forskingsmiljø på havvind i Trondheim. Det er hit alle verdas ekspertar kjem for å lære.
- No må også næringa følgje etter.
Havvind er i dag som landvind var i 2000

Publisert: 30.09.2019 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40