Tung start for Fora Form-eigar
Inntektssvikt på over 20 prosent. Verst i forretningsområdet Fora Form er ein del av.
Fora Form i Ørsta er ein del av forretningsområdet Office Interiors hos eigaren, det svenske møblekonsernet Lammults Design Group.
I det forretningsområdet er inntektsfallet 23,1 prosent og forretningsområdet gjekk i minus på drifta, skriv Lammhulst Design Group i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2024.
Office Interiors er det største forretningområdet til Lammhults Design Group.
Redusert etterspørsel
Inntektene er heller ikkje på veg opp. I første kvartal gjekk ordreinngangen til forretningsområdet Office Interiors ned frå 138,4 millionar svenske kroner i første kvartal 2023 til 137,2 millionar kroner i første kvartal 2024.
Det er nedgang i den norske marknaden, som er den viktigaste for Fora Form, medan to av konsernet sine svenske varemerke, Abstracta og Ragnars auka ordreinngangen.
Svenske eigarar
Fora Form har vore ein del av Lammhults Design Group sidan 2013
Då kjøpte det svenske selskapet Fora Form frå dei dåverande eigarane, investeringssselskapet Credo Invest (51 prosent), Rune Stokke (dåverande storaksjonær i Stokke-konsernet), Kjell Storeide, administrerande direktør Trygve Aasland og ei gruppe tilsette.
Fora Form har gått med overskot kvart år sidan 2005, men 2022-overskotet er det lågaste overskotet selskapet har hatt i den periodene.
Publisert: 26.04.2024 15:00
Sist oppdatert: 26.04.2024 14:51