Tungt aar for lokomotiva
UNDERSKOGEN: Dei 100 største selskapa på Nordvestlandet står for om lag halvparten av dei samla driftsinntektene, men det er alle selskapa under dei 100 største som sikrar overskot. Mange bedrifter har greidd seg godt sjølv om dei største har hatt tøffe år, og nye kjem til. Biletet er frå Næringsteft-finalen 2018/2019, med finalistane Roadtech, Flowthru og Stø Technology. 
Nytt

Tungt år for lokomotiva

Dei 100 største selskapa på Nordvestlandet – rangert etter driftsinntekter - dobla underskotet i 2018. Akkurat som i 2017 er det dei mindre og mellomstore selskapa som gjer at næringslivet går i pluss. 

24.12.2019
Nesten fire milliardar kroner i minus før skatt. Det er dei brutale tala for dei 100 største bedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord.
32 av dei 100 største selskapa går i minus, og tapa der er så store at overskota av resten av dei 100 på langt nær er nok til å vege opp for tapa hos selskapa i minus.
At 2018 var eit år der det var tungt i toppen blir enda klarare når vi ser på resultatet for dei ti største. Av dei gjekk fem med underskot i 2018, med Vard og Kongsberg Maritime CM (tidlegare Rolls-Royce Marine) som dei hardast råka.
Til saman hadde dei ti største minus 2,9 milliardar kroner i resultat før skatt i 2018 mot minus 1,2 milliardar kroner i 2017.

Vard er berga av pengar og garantiar frå sin italienske eigar, skipsbyggingskonsernet Fincantieri. Kleven er omorganisert, der eit nytt selskap “Nye Kleven Verft” skal sikre vidare drift og få inn nye eigarar. Hurtigruten blir sitjande att med det “gamle “ Kleven Verft og forpliktingane som følgde med.
Tidlegare Rolls-Royce Marine blei i vår ein del av Kongsberg Gruppen. Halvårsrapporten for 2019 er optimistisk på vegne av verksemdene i den tidlegare marinedivisjonen i Rolls-Royce, men ikkje meir optimistisk enn at selskapet på kapitalmarknadsdagen i september varsla at 130 stillingar på Sunnmøre skulle bort.
Etter at NETT NO-magasinet gjekk i trykken har vanskane for Havyard Group sitt skipsbyggingsselskap forverra seg kraftig. Eigenkapitalen er tapt og selskapet er i forhandlingar med långivarane.

Oljenedtur

Både Vard, Kleven Verft og Kongsberg Maritime CM hadde gode tider under storparten av oljeboomen, men omstillinga etter at oljeprisen stupte i 2014 har blitt tung og langvarig.

Av selskapa med størst underskot målt i kroner er dei 18 første på lista alle verft, utstyrsleverandørar eller offshoreselskap som var, og delvis også er, tungt knytte til oljebransjen.
Først var utfordringa å etterfylle ordreboka etter at offshorereiarane slutta å bestille nye båtar. For Kleven gjeld det framleis, men for resten av verftsnæringa no er utfordringa å tene pengar på dei nye båttypane dei byggjer no; cruiseskip, yachtar, fiskefarty og servicefarty til vindkraftanlegg til havs.

Fisk og kraft

Ser vi i andre enden av skalaen, på bedriftene med dei største overskota, er det fisk og kraftproduksjon som dominerer.
NETT NO har sett på reknskapa til 51 fiskebåtreiarlag på Sunnmøre og i Nordfjord. Det er selskap frå like over 10 millionar kroner i driftsinntekter, til noregs største fiskebåtreiarlag Havfisk , som fiska for 1,5 milliardar kroner i 2018.
Til saman hadde desse selskapa 7,3 milliardar kroner i driftsinntekter i 2018. Dei sat att med 1,9 milliardar kroner i resultat før skatt, som gir ein resultatmargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) på 25,7 prosent.
Berre ein handfull av fiskeriselskapa er blant dei 100 største selskapa på Nordvestlandet, rangert etter driftsinntekter.
Samla sett utgjer dei likevel ei viktig gruppe i næringslivet, og trekkjer lønsemda oppover.

Meir stabilt i underskogen

Held vi dei 100 største utanom, viser reknskapstala for resten av bedriftene mindre dramatiske endringar enn blant dei største.
Driftsmarginen, driftsresultatet i prosent av driftsinntektene, enda på 7,5 prosent i både 2018 og 2017.
Resultatmarginen, som viser resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, fell frå 9,9 prosent til 6,2 prosent i 2018.
I resultat før skatt er finanskostnadane rekna med, og redusert resultatmargin tyder på at finanskostnadene har auka.
Delvis innfridd forventningar
Databasen selskapet Bisnode har utarbeidd for NETT NO omfattar over 2500 selskap på Sunnmøre og i Nordfjord.
Grensa for å bli rekna med er sett ved fem millionar kroner i driftsinntekter. Det er sjuande året på rad NETT NO gir ut eit magasin med ei oversikt over utviklinga i næringslivet på Nordvestlandet.
Med oljeprisfallet i 2014 kom det stor vendepunktet, i negativ forstand, for næringslivet på Nordvestlandet.
Botnen blei nådd i 2016. Då gjekk næringslivet på Nordvestlandet i minus også på sjølve drifta. Rundt 1500 utanlandske arbeidarar flytta heim og dempa dermed auken i dei rapporterte arbeidsløysetala.
I 2017 gjekk det vesentleg betre. Forventningane i fjor var at det skulle bli enda betre i 2018.
Dei forventningane blei berre delvis innfridde.

Færre arbeidslause

Forventningane er innfridd i arbeidsmarknaden.
Arbeidsløysa i Møre og Romsdal har vore under landsgjennomsnittet i heile 2019. På søre Sunnmøre, der ringverknadane av oljeprisfallet i 2014 har vart lengst, rapporterte NAV tidlegare i haust om den beste arbeidsmarknaden sidan 2015.

Menon Economics, som lagar ein årleg analyse over tilstanden for bedriftene i den maritime klynga, fortel at bedriftene i klynga reknar med å auke bemanninga frå 14.200 personar i 2018 til over 15.000 i 2020.
Vilkåret er sjølvsagt at lønsemda stig, slik også to av tre bedriftsleiarar trur vil skje i år og halvparten rekna med skjer neste år.
Forventningane er ikkje innfridd når det gjeld lønsemd.
Driftsinntektene stig, både for dei 100 største bedriftene og resten av næringslivet og også i den maritime klynga. Men lønsemda blei svekt i alle tre kategoriar frå 2017 til 2018.
For den maritime klynga var 2018 fjerde på rad med driftsunderskot for bedriftene i klynga. Klynga omfattar offshorereiarlag, verft, utstyrsleverandørar og skipsdesignarar og omfattar mange av dei største bedriftene og arbeidsgivarane i næringslivet på Nordvestlandet
Hovudnøkkelen til sikrare og fleire arbeidsplassar på Nordvestlandet ligg i å få desse lokomotiva lønsame igjen.


Publisert: 24.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46