Nytt
Tunnel-kontrakt til Volda Maskin
Volda Maskin og Kruse Smith Entreprenør skal bygge tunnelen mellom Eidsdal og Geiranger.
14.09.2020
I sommar etterlyste Volda Maskin-sjef Jon Grebstad fleire større oppdrag. Oppsplittinga av Staten Vegvesen, der deler av verksemda blei overført til fylka, hadde ført til at framdrifta i større vegprosjekt blei forseinka, meinte Grebstad.
No er han bønhøyrt.
Det er Kruse Smith Entrenør som er storebror i samarbeidet. Selskapet hadde 3,9 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor og 680 tilsette.
Volda Maskin hadde 144 millionar kroner driftsinntekter i 2019 og sysselsette 67 årsverk.
Konkurrentane har 10 dagars klagefrist på instillinga frå fylket.
Også justert for kvalitetskrav, krav til gjennomføringsevne og moms kom Volda Maskin/Kruse Smith Entreprenør ut med lågast pris, 646 millionar kroner.
Oppdraget omfattar prosjektering og bygging av:
4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalarKomplett elektroarbeid for prosjektet400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnettEi 25 meter lang bruEin 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide
Fylkesveg 63 gjennom Eidsdal er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren.
Tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.
No er han bønhøyrt.
Samarbeider med storselskap
Sju aktørar konkurrerte om oppdraget der samarbeidspartnarane Volda Maskin/Kruse Smith Entreprenør kom best ut, .Det er Kruse Smith Entrenør som er storebror i samarbeidet. Selskapet hadde 3,9 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor og 680 tilsette.
Volda Maskin hadde 144 millionar kroner driftsinntekter i 2019 og sysselsette 67 årsverk.
Konkurrentane har 10 dagars klagefrist på instillinga frå fylket.
Billegast
Dei to tilbaud å gjere jobben for 517 millionar kroner. Det var det billegaste anbodet. Dyrast var Veidekke Entreprenør, som ville ha 752 millionar kroner.Også justert for kvalitetskrav, krav til gjennomføringsevne og moms kom Volda Maskin/Kruse Smith Entreprenør ut med lågast pris, 646 millionar kroner.
Oppdraget omfattar prosjektering og bygging av:
4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalarKomplett elektroarbeid for prosjektet400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnettEi 25 meter lang bruEin 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide
Fylkesveg 63 gjennom Eidsdal er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren.
Tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.
Publisert: 14.09.2020 08:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02