Elling Dybdal Tussa
BETRE PRIS: Rekordproduksjon var ikkje nok til å vege opp for prisfallet på kraft i fjor, men i år har Tussa-sjef Elling Dybdal fått ein betre start på året. Foto: Tussa
Nytt

Tussa: Betre start enn i fjor

Vil betale 44,5 millionar i utbytte.

08.04.2021

Etter 2019 betalte Tussa ut 42 millionar kroner i utbytte til eigarane sine, kommunane på søre Summøre og forsikringselskapet KLP.

Etter 2020 gjer styret i Tussa framlegg om å betale ut 44,5 millionar kroner i utbytte. Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet etter at reknskapen for 2020 er klar.

Låge kraftprisar i 2020 er hovudårsaka til at driftsinntektene til Tussa-konsernet fall med 279 millionar kroner frå 2019 til 2019. Ekstraordinær gevinst, mellom anna på 44,6 millionar kroner frå samanslåinga av kraftomsetningsverksemda til datterselskapet Tussa-24, Tafjord Kraft og Sogn og Fjordane Energi gjorde at resultatet før skatt ikkje fall tilsvarande som fallet i driftsinntekter skulle tilseie (sjå tabell).

Tapte på kraftproduksjon
Kraftproduksjonen til Tussa-konsernet var på rekordhøge 816 GWh i 2020, mot 638 GWh i 2019.

Men auka produksjon var ikkje nok til å vege opp for at Tussa måtte selje krafta billeg, så billeg at resultatet før skatt for kraftproduksjonen vart minus 19,9 millionar kroner.

I 2020 var gjennomsnittleg spotpris i Tussa-området 10,0 øre/kWh mot 38,0 kWh i 2019, ifølgje selskapet.

Kuldeperioden etter jul sende prisane opp igjen.

- Det ser betre ut for første kvartal dette året enn første kvartal førre året, seier administrerande direktør Elling Dybdal om starten på 2021.

Aksjonæropprør
Då 2019-tala vart lagt fram i fjor vår foreslo Tussa å droppe utbytte på grunn av dei låge kraftprisane og uvissa i kraftmarknaden, og heller vurderer å ta stilling til ei eventuell utbyttebetaling seinare på året.

Det utløyste protestar frå aksjonærane, med Ørsta kommune i spissen.

Striden enda med at selskapet vedtok eit utbytte, samstundes som aksjonærane sa ja til ei eventuell framtidig kapitalutviding for å finansiere investeringar i nye nettselskap gjennom Mørenett, som Tussa og Tafjord-konsernet eig i felleskap.

Tussa as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter854,41134,2
Driftsresultat165,9205,3
Resultat før skatt138,1174,0

Publisert: 08.04.2021 17:17

Sist oppdatert: 16.04.2021 09:59

Mer om