- Forretningsadressa er viktig for Herøy, sa Herøyordførar Arnulf Goksøyr på eigarmøtet i Tussa fredag 29. november.
Det stemmer ikkje, i følgje ein epost Tussa-sjef Elling Dybdal har sendt til eigarane.
Tussa sitt nettselskap har adresse i Herøy, sjølv om realiteten er at leiinga sit i Ørsta.
Om Tussa og Tafjord samlar seg om eitt felles nettselskap, skal hovudkontoret ha forretningsadresse i Ørsta.
Skjer det vil Herøy gå glipp av nesten to millionar kroner i året i såkalla RDA-midlar, i følgje Herøy-ordføraren. RDA-midlar er kompensasjon for at Herøy, som tidlegare hadde lågare arbeidsgivaravgift, ikkje lenger har det.
- Det blir for dumt om dei ikkje kan finne ei løysing, sa Goksøyr til NETT NO etter møtet.
.
Etter møtet har Tussa vendt seg til fylket, Møreforsking og Statistisk Sentralbyrå for å få svar på korleis regelverket for RDA-midlar er å forstå.
I ein epost til ordførarane i alle eigarkommunane og til den private medeigaren KLP, siterer Dybdal svaret frå Statistisk Sentralbyrå, som stadfestar at utrekning av RDA midlar følgjer oppmøteplass eller avdeling til dei tilsette. Statistisk sentralbyrå leverer tal over alle arbeidstakarar registret i Herøy kommune. Det utgjer i sin tur grunnlaget for Møreforsking sin utrekning av kor store RDA-midlar Herøy-kommune skal få.
"Då Mørenettsaka ikkje inneber at medarbeidarar blir flytta frå Dragsund (I Herøy, red. merk), vil det altså heller ikkje bli nokon reduksjon i RDA-midlane som Herøy mottek.", skriv Dybdal i eposten.
NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå ordførar og rådmann i Herøy.
Administrasjonen og styra i dei to selskapa meiner det er store gevinstar å hente på ei samanslåing.
Formannskapet i Ålesund bad 2. desember om ein ny forhandlingsrunde.
Det stemmer ikkje, i følgje ein epost Tussa-sjef Elling Dybdal har sendt til eigarane.
Tussa sitt nettselskap har adresse i Herøy, sjølv om realiteten er at leiinga sit i Ørsta.
Om Tussa og Tafjord samlar seg om eitt felles nettselskap, skal hovudkontoret ha forretningsadresse i Ørsta.
Skjer det vil Herøy gå glipp av nesten to millionar kroner i året i såkalla RDA-midlar, i følgje Herøy-ordføraren. RDA-midlar er kompensasjon for at Herøy, som tidlegare hadde lågare arbeidsgivaravgift, ikkje lenger har det.
Adresse i Herøy
På eigarmøtet argumenterte Goksøyr med at også det nye selskapet, Mørenett, skal ha forretningsadresse i Herøy, fordi utbetaling av RDA-midlane er knytt til forretningadressa og ikkje talet på arbeidstakarar. Han ba også om velvilje fordi RDA-midlane uansett ikkje vil hamne hos andre. Dette er pengar Herøy kan gå glipp av, men andre ikkje kan få.- Det blir for dumt om dei ikkje kan finne ei løysing, sa Goksøyr til NETT NO etter møtet.
.
Overraska
Påstandane frå Herøy kommune kom overaskande på leiinga i Tussa. Den trudde det var oppmøtestad for dei tilsette i nettselskapet som var utgangspunktet for berekning av RDA-midlar, ikkje forretningsadresse.Etter møtet har Tussa vendt seg til fylket, Møreforsking og Statistisk Sentralbyrå for å få svar på korleis regelverket for RDA-midlar er å forstå.
I ein epost til ordførarane i alle eigarkommunane og til den private medeigaren KLP, siterer Dybdal svaret frå Statistisk Sentralbyrå, som stadfestar at utrekning av RDA midlar følgjer oppmøteplass eller avdeling til dei tilsette. Statistisk sentralbyrå leverer tal over alle arbeidstakarar registret i Herøy kommune. Det utgjer i sin tur grunnlaget for Møreforsking sin utrekning av kor store RDA-midlar Herøy-kommune skal få.
"Då Mørenettsaka ikkje inneber at medarbeidarar blir flytta frå Dragsund (I Herøy, red. merk), vil det altså heller ikkje bli nokon reduksjon i RDA-midlane som Herøy mottek.", skriv Dybdal i eposten.
NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå ordførar og rådmann i Herøy.
Avgjerd i Ålesund
I ettermiddag - torsdag 12. desember - skal Tafjords konsernsjef Erik Espeset møte i bystyret i Ålesund for å orientere om samanslåingsplanane, før bystyret skal diskutere og røyste over saka. Ålesund kommune er største eigareni Tafjord.Administrasjonen og styra i dei to selskapa meiner det er store gevinstar å hente på ei samanslåing.
Formannskapet i Ålesund bad 2. desember om ein ny forhandlingsrunde.
Publisert: 12.12.2013 11:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30