Magnus Grimstad Ivar Driveklepp Stale Welle og Roger Welle 1
GÅR SAMAN: Frå høgre; Magnus Grimstad, leiar av forretningsområdet IT i Tussa, Ivar Driveklepp, administrerande direktør i Tussa IKT, Ståle Welle og Roger Welle i PC Support. Foto: Tussa IKT.
Nytt

Tussa kjøper PC Support

Blir ei it-verksemd med nesten 200 millioner kroner i inntekt og 80 tilsette.

17.12.2024

Ved å kjøpe PC Support i Sykkylven styrkar Tussa sin posisjon regionen, og blir ei it-verksemd med ei omsetning på nærare 200 millionar kroner og rundt 80 it-medarbeidarar, opplyser administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT i ei pressemelding.

– Med PC Support på laget får vi tilgang til nye marknader og viktig kompetanse, som er avgjerande for å levere framtidsretta it-tenester både til eksisterande kundar og til større og nasjonale kundar, seier han. 

20 tilsette
PC Support i Sykkylven vart etablert i 1988 og har 20 tilsette. Dei skal halde fram å arbeide frå Sykkylven, også etter oppkjøpet.

Største eigar er dagleg leiar Ståle Welle. Han eig direkte 70 prosent av aksjane gjennom selskapet Sbw Invest II. 

Selskapet  PC Support Eiendom eig 28,5 prosent av aksjane i PC Support, og er eigd 50/50 av Ståle Welle og Roger Andrè Welle.

Jan Hallvard Harstad og Gry Cecile Sydhagen eig høvesvis 1,5 og 0,5 prosent av aksjane i PC Support.

Prøvde på eiga hand
Ståle Welle seier PC Support si vurdering var at selskapet måtte bli større for å kunne konkurrere om dei attraktive kontraktane.

Selskapet prøvde først å rekruttere nok folk til å vekse seg større sjølv. Det var så utfordrande at selskapet valde å bli ein del av eit større selskap i staden.

– Vi har prøvd å finne nokon å samarbeide med, som matchar oss på kultur og har ambisjonar om å bygge noko her i regionen, seier Welle.

Partane opplyser ikkje kva Tussa IKT betalar for aksjane i PC Support.

Kjøper fibernett
Samstundes som Tussa IKT og PC Support offentleggjer sin avtale, har Tussa også sendt ut melding om at Tussa IKT kjøper fibernettet til Hundeidvik Fibernett i Sykkylven.  Pris er ikkje opplyst.

Det er eit fibernett bygd på dugnad.

– Då Hundeidvik Fibernett vedtok å selje fibernettet, fekk vi fleire gode tilbod. Årsmøtet i Hundeidvik Fibernett valde samrøystes å gå for tilbodet frå Tussa. Ved å velje Tussa er vi trygge på at ein solid og kompetanserik aktør overtek eigarskapen. Overtakinga vil sikre brukarane eit stabilt og framtidsretta tilbod basert på dei siste teknologiske løysingane, seier Lennart Utgård i Hundeidvik Fibernett i ei pressemelding.

Publisert: 17.12.2024 13:38

Sist oppdatert: 17.12.2024 17:31

Mer om