Urke kraftverk foto tussa
MEIR STRAUM: Auka produksjon, ikkje høgare pris, auka inntektene frå kraftproduksjonen til Tussa i 1. kvartal. Kravverket på Urke er eitt av i alt 29 kraftverk Tussa eig og driv. Foto: Tussa
Nytt

Tussa-vekst på alle frontar

Auka kraftproduksjonen med 33 prosent.

08.07.2024

Driftsresultatet frå kraftproduksjonen åleine var på 135,2 millionar kroner i 1. tertial i år, opp med 30 millionar kroner samanlikna med same periode i 2023. Kraftproduksjonen er den største bidragsytaren til overskotet i Tussa-konsernet (sjå tabell), og det er auka produksjon som løftar resultatet samanlikna med i fjor.

Tussa eig og driv 29 vasskraftverk, blant dei kraftverket på Urke (biletet). I første kvartal produserte kraftverket 278,7 GWh, nesten 70 GWh meir enn i 1. kvartal 2023.

- Tilsiget hittil i år er 115 prosent av normalt, og ved utgangen av tertialet var magasinfyllinga i området vårt på 11 prosent, noko som er litt over normalen for årstida, seier konsernsjef Olav Osvoll i Tussa i ei pressemelding.

Tussa as
1. tertial. I mill. kroner20242023
Driftsinntekt594,8487,1
Driftsresultat209,3167,3
Resultat før skatt165,1116,6

Vekst over alt
I tillegg til auka kraftproduksjon hadde Tussa vekst også i alle andre deler av verksemda si i første tertial.

- Tussa har oppnådd ei omsetningsauke på 22 prosent, og det er vekst i alle forretningsområda våre. Vi har auka salet av internett og TV til bedrifter og hushaldningar, og innanfor IT er det godt sal av IT-avtalar til bedrifter og konsulenttenester. Installasjon viser også god utvikling, med høgare aktivitet i prosjektmarknaden, og god tilgang på serviceoppdrag både i privat- og næringsmarknaden, seier Osvoll i pressemeldinga.

Rekordresultat i fjor
Tussa betalte ut 63,1 millionar kroner i utbytte etter rekordresultat i 2023.

Ørsta kommune og forsikringsselskapet KLP er dei to største eigarane i Tussa.

Herøy kommune har nyleg seld ein del av Tussa-aksjane sine til KLP, men er framleis medeigar saman med kommunane Volda, Stryn, Stranda, Hareid, Ulstein, Sande , Vanylven og Hornindal Kraftlag.

Publisert: 08.07.2024 10:08

Sist oppdatert: 08.07.2024 10:08

Mer om