
Fekk mindre enn venta
KLP kjøper Tussa-aksjar for 190,8 millionar kroner frå Herøy Kommune.
Herøy kommune håpte å få minst 1,82 millionar kroner per aksje skreiv Møre-Nytt i fjor. Det utgjer 250 millionar kroner.
No har kommunestyret i Herøy godkjent salet med 20 mot 12 røyster. Prisen er 1,393 millionar kroner for kvar av dei 137 A-aksjene som kommunen eig i Tussa. Det gir 190,8 millionar inn i kassa til Herøy kommune, som skal bruke storparten til å betale ned gjeld. Det vil redusere utbetalingar til renter og avdrag, men samstundes bety tapt aksjeutbytte i framtida. Kommunen sitt anslag er at nettoeffekten er reduserte årlege driftskostnadar på 10-11 millionar kroner.
KLP er Tussa-medeigar frå før og passerer med dette kjøpet både Volda og Herøy kommune på aksjonærlista, og får 16,9 prosent av aksjane. Ørsta kommune eig 30,2 prosent av aksjane.
Rekordutbyte
Tussa vedtok eit rekordutbyte etter 2023, og Herøy kommune valde å vente med å starte salsprosessen til kommune kunne vise fram det gode Tussa-resultatet for i fjor.
– Vi registrerer at selskapet har levert eit godt resultat. Det vil nok truleg ha påverknad på prosessen, seier kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen til Nett No i april i år.
Sparebank 1 Markets hadde jobben med å finne kjøparar.
Framleis stor eigar
Herøy kommune er framleis stor eigar i Tussa etter salet.
Eigarskapen i Tussa er delt i to aksjeklasser, A-aksjar som er fritt omsettlege og B-aksjer som berre kan eigast av norske kommunar eller fylkeskommunar. Av i alt 3497 aksjar er 1117 A-aksjar og 2380 B-aksjar. Herøy kommune eig 376 B-aksjar i Tussa (10,8 prosent).
Dei andre eigarane er kommunane Stryn, Stranda, Hareid, Vanylven, Ulstein og Sande og Hornindal Kraftlag.
Publisert: 02.07.2024 11:42
Sist oppdatert: 02.07.2024 17:39