NTB y G Yhysh5 M0k 1
STREIKEFARE: Klarer ikkje partane å bli samde hos riksmeklar Mats Ruland, blir det storstreik frå 7. april. Her er Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum (venstre) og direktør Knut E. Sunde i Norsk Industri (høgre). Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Nytt

Tvungen mekling i lønsoppgjeret

Fellesforbundet med streikevarsel for fleire bedrifter på Nordvestlandet.

02.04.2024

NPK-NTB/NETTNO: Fellesforbundet og Norsk Industri går som venta til tvungen mekling for å lande lønnsoppgjeret i frontfaget. Dei avbryt dermed den frivillige meklinga.

Også forhandlingane mellom fagforeininga Parat og Norsk Industri går til tvungen mekling.

Tvungen mekling hos riksmeklar Mats Wilhelm Ruland byrjar onsdag. Klarer ikkje partane å bli samde der, blir det storstreik frå 7. april. Fellesforbundet varslar at 14.301 arbeidarar kan bli tekne ut i streik om meklinga ikkje fører fram.

– Dette første uttaket vil bidra til ein effektiv streik som vil ramme arbeidsgivarsida hardt. Skulle vi ende i konflikt, vil det fortløpande komme fleire uttak, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum i ei pressemelding.

Frist ut 6. april
Frontfagsoppgjer går som oftast til tvungen mekling. Meklingsfristen går ut ved midnatt laurdag 6. april.

Det er tilsette i 134 bedrifter som kan bli tekne ut i streik søndag. Varselet omfattar mellom anna 2100 tilsette i Aker Solutions.

Fellesforbundet har til saman meldt plassoppseiing for 32.108 medlemmer som går på tariffavtalen Industrioverenskomsten.

Fellesforbundet har gått inn i oppgjeret med krav om mellom anna reallønnsauke og etter- og vidareutdanningsreform.

Desse bedriftene på Nordvestlandet kan bli tatt ut i streik:

  • Brunvoll
  • Brunvoll Volda
  • Entec Brimer, avdeling Kvamsøy
  • Kongsberg Maritime, avdelingane Longva, Brattvåg, Ulsteinvik
  • Linjebygg, avdeling Molde
  • Nog People
  • Pon Power, avdeling Ålesund
  • Kis Nord, avdeling Ålesund

Publisert: 02.04.2024 16:08

Sist oppdatert: 02.04.2024 19:42