
Tysk oppkjøp gav vekst
Coast Seafood auka inntektene med 1,9 milliardar kroner i fjor.
I fjor kjøpte fiskeeksportøren Coast Seafood i Måløy fiskeforedlingsbedrifta Vega Salmon i Tyskland. Inntektene frå det nye datterselskapet er hovudårsaka til at inntektene auka med 1,9 milliardar kroner i 2023 (sjå tabell), skriv selskapet i årsmeldinga for 2023.
Coast Seafood si viktigaste verksemd er eksport av oppdrettslaks og -aure, men selskapet eksporterer også kvitfisk, pelagisk fisk og skaldyr.
Selskapet eig og driv også Sotra Fiskeindustri ved Bergen, eit slakteri og vidareforedlingsanlegg for laks og aure.
Datteselskapet Måløy Seafood i Måløy er eit mottaksanlegg for pelagisk fisk.
Samanhengande vekst sidan 2012
Coast Seafood har hatt ein samanhengande inntektsvekst sidan 2012, då inntektene var 2,5 milliardar kroner.
Morselskapet i Måløy har 46 tilsette.
Konsernet sysselsette 835 årsverk i fjor, fordelt på 888 tilsette.
Tre eigarar
Maan Invest og Eili Invest eig 45,331 prosent kvar av konsernet.
Maan Invest er eigd av Odd Øvrebø og familie. Han eig 10 prosent i selskapet, men alle A-aksjane.
Eili Invest er eigd av Sverre Søraa og familie, Han eig 10 prosent i selskapet, men alle A-aksjane.
Sjøtroll Havbruk eig 0,085 prosent. Resten av aksjane er i Coast Seafood sitt eige.
Coast Seafood as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 8334,1 | 6421,4 |
Driftresultat | 127,5 | 111,8 |
Resultat før skatt | 96,5 | 126,1 |
Publisert: 12.08.2024 10:31
Sist oppdatert: 12.08.2024 11:50