Den økonomiske risikoen ved vere styremedlem har auka. Fleire får erstatningskrav og fleire saker hamnar i retten.
- Terskelen for å gå på eit styremedlem er blitt veldig lav, seier Bjarte Aambø i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.
Hedvig Svardal er advokat for SMB-forbundet (tidlegare Bedriftsforbundet) og har 20 års praksis bak seg. Ho ser den same trenden som Aambø.
- Det gjer det meir og meir farleg å drive ei bedrift. Det er uheldig for verdiskapinga at det går inflasjon i det, seier Svardal om søksmåla mot styremedlemer.
Ei oversikt advokatfirmaet Schjødt tidlegare har laga viser same trend. Frå år 2000 til 2014 blei det avsagt endeleg dom i minst 150 rettssaker der styreansvar var utgangspunkt for kravet. Omtrent halvparten av desse enda med at styremedlemmer blei dømt som ansvarlege. Mengda slike rettssaker auka også år for år, fra cirka ei sak i året i gjennomsnitt rundt årstusenskiftet, til cirka 20 saker i året mot slutten av perioden.
Johs. A. Aspehaug, kollega av Aambø, meiner domstolane har endra seg.
- Domstolane er blitt meir villege til å idømme ansvar, seier han.
Styreansvarsakene avgrensar seg ikkje til store selskap.
- Det du typisk ser er at det er leverandørar til eit selskap som seier at dei er først bak lyset, og har levert til selskapet i ein situasjon der dei ansvarlege måtte forstå at dei ikkje kunne betale kunne betale, seier Aspehaug.
Forsikringselskapet If er ein stor aktør i denne marknaden. Det ser ein vekst.
"De siste to årene har det vært en økende interesse for og bruk av styreansvarsforsikringer, og vi ser at trenden fortsetter. Noe av grunnen er at mediene har hatt saker som har handlet om hvor viktig det er å ha denne type forsikring, og vi merker ofte et høyere antall henvendelser om å styreansvarsforsikring når det har vært mediesaker som handler om styreansvar. Imidlertid finnes det mange sektorer innen nærings- og organisasjonslivet hvor kunnskapen om hva styreansvar innebærer nok kunne vært bedre enn hva den er i dag", skriv selskapet i ein epost til NETT NO.
If meiner og kreditorane i større grad enn før vurderer å gjere styreansvar gjeldande.
Men kvar går grensa for når styremedlemmer kan gjerast personleg ansvarleg?
Mengda av erstatningssaker viser at den har flytta seg. Før år 2000 var det nesten ingen slike saker i rettsvesenet, seier Aambø.
Jon Ketil Gjørtz i Øverbø Gjørtz meiner det er ei uheldig utvikling, der handlingar i ein pressa situasjon - der framtida til bedrifter står på spel - blir vurdert i etterpåklokskapen lys.
- Det er alltid nokon som skal stillast til ansvar. Rommet for å gjere ein glipp blir mindre og mindre, seier han.
- Du må som styremedlem vite kva du skal spørre om og du må vite nok til å vurdere kva du har fått vite. Du sit ikkje i eit styre, du står oppreist, seier han.
- Terskelen for å gå på eit styremedlem er blitt veldig lav, seier Bjarte Aambø i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.
Hedvig Svardal er advokat for SMB-forbundet (tidlegare Bedriftsforbundet) og har 20 års praksis bak seg. Ho ser den same trenden som Aambø.
- Det gjer det meir og meir farleg å drive ei bedrift. Det er uheldig for verdiskapinga at det går inflasjon i det, seier Svardal om søksmåla mot styremedlemer.
Ei oversikt advokatfirmaet Schjødt tidlegare har laga viser same trend. Frå år 2000 til 2014 blei det avsagt endeleg dom i minst 150 rettssaker der styreansvar var utgangspunkt for kravet. Omtrent halvparten av desse enda med at styremedlemmer blei dømt som ansvarlege. Mengda slike rettssaker auka også år for år, fra cirka ei sak i året i gjennomsnitt rundt årstusenskiftet, til cirka 20 saker i året mot slutten av perioden.
Strengare praksis
Det er ikkje lovverket som regulerer kva ansvar styremedlem har som har endra seg, det er praksisen.Johs. A. Aspehaug, kollega av Aambø, meiner domstolane har endra seg.
- Domstolane er blitt meir villege til å idømme ansvar, seier han.
Styreansvarsakene avgrensar seg ikkje til store selskap.
- Det du typisk ser er at det er leverandørar til eit selskap som seier at dei er først bak lyset, og har levert til selskapet i ein situasjon der dei ansvarlege måtte forstå at dei ikkje kunne betale kunne betale, seier Aspehaug.
Styreansvarsforsking fører til erstatningssaker
Både Øverbø Gjørtz-advokatane og andre NETT NO har snakka med peikar på bruken av styreansvarsforsikring som ein viktig drivar for veksten i styreansvarssaker. Forsikringsordningane gjer at det i større grad kan vere pengar å hente på å gå til sak.Forsikringselskapet If er ein stor aktør i denne marknaden. Det ser ein vekst.
"De siste to årene har det vært en økende interesse for og bruk av styreansvarsforsikringer, og vi ser at trenden fortsetter. Noe av grunnen er at mediene har hatt saker som har handlet om hvor viktig det er å ha denne type forsikring, og vi merker ofte et høyere antall henvendelser om å styreansvarsforsikring når det har vært mediesaker som handler om styreansvar. Imidlertid finnes det mange sektorer innen nærings- og organisasjonslivet hvor kunnskapen om hva styreansvar innebærer nok kunne vært bedre enn hva den er i dag", skriv selskapet i ein epost til NETT NO.
If meiner og kreditorane i større grad enn før vurderer å gjere styreansvar gjeldande.
Grenser er flytta
Ideen bak aksjeselskap er nettopp å avgrense det personlege ansvaret. Investeringsviljen blir mindre når du risikere å ende som evig gjeldsslave, og det taper alle på.Men kvar går grensa for når styremedlemmer kan gjerast personleg ansvarleg?
Mengda av erstatningssaker viser at den har flytta seg. Før år 2000 var det nesten ingen slike saker i rettsvesenet, seier Aambø.
Jon Ketil Gjørtz i Øverbø Gjørtz meiner det er ei uheldig utvikling, der handlingar i ein pressa situasjon - der framtida til bedrifter står på spel - blir vurdert i etterpåklokskapen lys.
- Det er alltid nokon som skal stillast til ansvar. Rommet for å gjere ein glipp blir mindre og mindre, seier han.
Må stille spørsmål
Aspehaug er samd med sin kollega, men konstanterer at endringane i praksis er eit faktum. Det er blitt meir krevande å sitte i eit styre og Aspehaug rår folk frå å takke ja til styreverv som ein rein venne-teneste. Eit minstekrav for å ta på seg styreverv er at det blir tålt at det blir stilt kritiske spørsmål.- Du må som styremedlem vite kva du skal spørre om og du må vite nok til å vurdere kva du har fått vite. Du sit ikkje i eit styre, du står oppreist, seier han.
Du sit ikkje i eit styre, du står oppreist
Publisert: 23.12.2019 06:00
Sist oppdatert: 28.04.2021 11:54






